Gå til innhald

Dæ ska bli vår på Jæren

mars 8, 2021

I går kjende eg at denne teksten skulle eg skriva. Skriva om våren og om håpet og om det å halda ut og stola på at det blir betre. Skriva om å få ein ny vår å lena seg mot for å bli sterke nok til å stå oppreiste sjølv om det buttar i mot for mange nå etter eit år med pandemi. Nå i kveld sette eg meg ned for å sjå om eg klarte å leita fram dei rette orda.

Eg vil våga å påstå at me er eit seigt folkeferd her på Jæren. Noko må vel nordavinden ha lært oss.

Teksten er veldig spontanskriven, så eg veit ikkje om han er heilt klar og brukbar, men nå legg eg han her, så veit eg kor eg har han.

Vis innlegget

Dæ ska bli vår på Jæren

Dæ ska bli vår på Jæren, sjå grågåså kjæme i flokk
snart fyge vibå mæ skrig øve reirå,
dæ æ kaldt, men snart skjer dæ nok.
Ja lerkå ska synga og kvidveisen bløma,
og kirsebærtreet stå kvitt,
og snart ska dæ lokta av vår her på Jæren
i landskabe ditt og mitt.

Dæ ska bli vår på Jæren, og vinden ska blåsa så før,
ska ruska i graset og susa i trenå
i frå vest og frå nord og sør.
Me blæs´ikkje vekk, me æ vande mæ vinden,
me vett dæ æ sånn dæ ska vær,
me vett alt går øve, me må pusta roligt,
dæ ordna sæg dette hær.

Dæ ska bli vår på Jæren, heilt slig så dæ alltid he blitt,
ja våren ska koma mæ varsel om sommar,
tenk snart ska me leva fritt,
ja snart ska me dansa og klemma ennaen
og vinteren vera forbi
me vett me æ sterke, dæ hær ska me klara,
snart går dæ mod sommarstid.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Kari Nævra Ree permalink

    Så fantastisk du dikter, Heidi. Det gir optimisme og glede og håp og takk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: