Gå til innhald

Vinterferie i episenterland

mars 1, 2021

Heilt sidan i haust har me håpa å kunna ta oss ein tur austover for å besøkja familie. Planen har sidan før jul vore å dra i vinterferien dersom det var «lov». Etter forskriftsmessig koronatest kom Sunniva heim i sin ferie sist veke og planen var då at ho skulle sitja på tilbake.

Det snørte seg til med aukande smitte, men ingen direkte reiseforbod, så me bestemte oss for å gjennomføra planen, men å vera veldig forsiktige.

Det er fint å vera her hos Henrik og Eva Mari. Veret er nydeleg og me er mykje ute. Det kjennest likevel som om me gjer noko halvvegs ulovleg sjølv om munnbindet er på så snart me er i ein folkemengde eller innom ein butikk. Verda er for tida ein merkeleg stad å opphalda seg.

I dag har eg og Eva Mari vore på tur og sett på fine skulpturar på Bærums verk. Me var innom ein kafé og kjøpte med oss nydelege salatar som me tok med heim og så har me sett film og strikka mens mennene har vore på skitur i Krokskogen. Det er nesten som å vera på hyttetur, og hytteturar liker me.

I går vart det ei ny stor nedstengning i Oslo kommune, så middagsinvitasjonen i Halvard og Therese sin nye leilegheit må me bare gløyma. I staden skal me møtast i ein park og drikka kaffi frå termos dersom veret held seg fint.

I fføremiddag fekk eg endeleg lese den siste boka til Tore Renberg «Tollak til Ingeborg». Boka var hjarteskjerande, vond og vakker og nokså ulik dei andre bøkene hans. Denne minde meg meir om Jon Fosse sine bøker.

Me nyt ferien med dei begrensningane som gir seg, og satsar på å koma usmitta i frå det. Våren er her og dagane me lever er på ein eigenarta måte stoff for historiebøkene.

God vår alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: