Påskeblogg kapittel 10
Som det står i den eldgamle påskehelsinga: «Kristus er oppstanden- Ja, han er sannelig oppstanden». Ein av påsketradisjonane våre er at me ofte har vore på midnattsgudsteneste i Time kyrkje påskenatt. I ei mørklagt kyrkje kjem presten inn og tenner lys medan han helsar mot alle himmelretningene: «Kristus lyset i verda». Alle i kyrkja tenner kvart sitt stearinlys og gjer eld til kvarandre slik at kyrkja til slutt er opplyst av brennande stearinlys. Det er utruleg vakkert. Heilt til slutt går alle ut med kvart sitt tende lys og stiller seg i ring på kyrkjegarden for å syngja «Deg være ære, Herre over dødens makt». I ekstra vindstille påskenetter har det hend at ein del av flammane har halde seg levande til songen er slutt.
I år er det som alle veit eit litt annleis år, men me har hatt ein fin påskeføremiddag med gudstjeneste frå St Petri kyrkje på fjernsynet. «Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid» runga det ut frå skjermen. Den songen må eg høyra kvart år før det blir skikkeleg påske, akkurat som meg må ha med meg «Gud signe vårt dyre fedreland» for at det skal bli skikkeleg 17.mai. Gudstenesta ligg på nettet, det var så fint at eg anbefaler alle å ta ein kikk. Biskop Anne Lise Ådnøy hadde ein fin tale, og Stavanger katedralsangere song så fint i lag med gutesopranar og flinke musikarar. Bispekåpa til Stavangerbispen har så utruleg fin blåfarge. Det er nesten ei preik i seg sjølv kvar gong eg ser det plagget. Nå har eg dei siste dagane røpa mitt litt merkelege forhold til fargar. Eg ser sjølv at det ser litt rart ut når eg skriv om det, men det kan jo henda at nokon har det slik som meg og forstår kva eg meiner.
For å framstå som ekstraordinært religiøst interessert så kan eg jo fortelja at medan eg sit her og skriv midt på dagen så ser eg på påskedagsgudsteneste frå Bryne kyrkje på mobilen samtidig som eg skriv. Så nå har Sindre Øgård sunge påsken for meg to gonger i dag både frå St Petri og frå Bryne kyrkje. Det er så fint å høyra. Eg helsar spesielt til han. Det kan godt tenkjast at nokon som les dette kan overbringe helsinga.
Påskemysteriet er stort. For meg er påskeforteljingane forteljingar om det djupt menneskelege og om mennesket i møte med det heilage. Eg blir aldri ferdig med å lesa dei, lytta til dei, og kjenna på gåtene i det som eg ikkje forstår.
Nokon opplever det som skjedde i påsken som enkelt og innlysende. Eg må innrømma at slik er det ikkje for meg.
Det er mykje som bare forblir gåter, men ut frå desse gåtene ser eg Peter som gjekk høgt ut, svikta og vart tilgitt, Johannes som stod under frossen i lag med mor til Jesus, og Jesus som kjende seg forlatt av Gud og bare prøvde å stå i det han opplevde som planen med livet sitt.
Og så seira livet over døden og kjærleiken over hatet. Det liker eg å halda meg fast i.
Kanskje er det etter ein oppvekst der eg veldig ofte var i baptistkyrkja på Ålgård, og det at eg fleire år feira påske på påskeleir på Liland,som gjer at eg er blitt veldig glad i ein del påskesongar med mykje rytme og kjensler. «Til det gamle ærverdige kors, til dets mektige fot vil jeg fly…» og «Grepet da jeg blir, alt til han jeg gir, han mitt liv mitt alt skal ha. Stille kneler jeg ved korset, ha takk o kjære Gud for Golgata». Desse songane rommer nok kanskje deler av trua mi som eg snakkar lite om fordi det er veldig vanskeleg å forstå. Songane får bera den delen av trua mi. Trua mi til kvardags handlar nok mest om ein kjærleg Gud som har skapt oss og som er uendeleg glad i skaperverket sitt. Ho handlar om trua på at det gode er sterkare enn det vonde, og at me har ein stad å henta kraft til å stå i eige liv.
Dette vart påskepreika mi for i dag. Sidan eg aldri vart prest, så er det fint å laga seg sin eigen preikestol sånn innimellom.
Nå skal me snart eta påskelam saman med mor og far og ein annan liten gjest. Odd Christian har vore innom og drukke føremiddagskaffi, me har begynt å snakka om sommaren. Kan det verkeleg tenkjast at det kjem ein sommar der me kan reisa og vera i lag med andre menneske? Det får dei komande månadane visa.
Her prøver Leif seg på det store puslespelet. Eg har lagt merke til at dette koronaåret har gitt puslespela ein renessanse som syssel for vaksne menneske. Det er sikkert beroligande og meditativt. Sjølv har eg for mykje skapartrong til å slappa av med å rekonstruera noko som andre har laga og plukka frå einannan. Trur eg… Ein vakker dag blir eg kanskje hekta?

Heidi