Gå til innhald

Påskeblogg kapittel 11

april 5, 2021

Etter ein veldig fin første påskedag sat me og slappa av litt etter koselig besøk og oppdaga at vinden tiltok og at det begynte å hagla og snø.

I dag vakna me til ein kvit verden og det første eg registrerte gjennom det opne soveromsvindauget var meir hagl og endå sterkare vind. I tråd med koronaverkelegheita hadde eg eit kreativt møte lagt til ein hage for å unngå nærkontakt. Eg tasta på mobilen: «Skal me ta det over mobil?» Ho eg skulle møta tasta tilbake: «Eg har lun veranda og bålpanne». Det avgjorde saka, bålpanner kan eg ikkje stå i mot, og med utebukser, varme jakker, votter, luer og varm kaffi hadde me eit triveleg møte med bålpanne ute i snøen.

Etterpå var eg barnevakt for ein baby på sju månadar som omsider har akseptert at mormor kan ta godt hand om henne sjølv om mamma ikkje er der. Det er spennande å følgja med på utviklinga av krabbe- og sitjeferdigheiter og fint å registrert at grøt etterkvart smakar ganske godt. Det aller beste er sjølvsagt mjuke babyklemmar, tannlause babysmil og den gode lukta av nyvaska babyhår.

I kveld var me på det første besøket i påskeferien bortsett frå at me har gått inn og ut hos Ingrid og Oddvar. Når me så sjelden vågar oss inn til folk set me ekstra pris på det dei gongene det skjer. Då me tok fatt på heimvegen i halv ti-tida var det framleis ikkje heilt mørkt og det snødde store kvite snøfiller. Det spesielle med snø så seint på året er lyse kvite morgonar og lyse kvite kveldar.

I morgon tidleg har eg eit så sjeldant oppdrag at eg ikkje klarte å takka nei til det. Eg skal lesa dikt på ein planleggingsdag i ein barnehage via teams. Nå håpar eg bare at tilkoplinga går problemfritt. Det betyr at eg må skru på morgonalarmen igjen på mobilen. Planleggingsdagen i morgon på jobb har me flytta til to kveldar i mai for då er timeplanen nokonlunde klar og me kan jobba med praktisk planlegging av neste år. Men ein liten privat planleggingsdag på heimekontoret blir det likevel, for eg har mykje som skal ordnast. Det blir ein mjuk start på neste etappe på jobb. Smittesituasjonen tatt i betraktning er eg spent på korleis den etappa blir. På min arbeidsplass har me slippe heilt unna koronasmitte til nå. Måtte det vara.


Takk for fylgjet gjennom påskeferien. For meg har det vore fine dagar. Eg håpar det same gjeld for deg som har lese her.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: