Påskeblogg kapittel ni
I dag har eg gått ein fin tur langs sjøen i lag med Anne Mette og Gry. Me tok sjansen på å reisa ned i same bilen, men for å kunna forsvara akkurat det så stilte alle tre med munnbind. Eg blir stadig vekk slått av den surrealistiske komikken i slike munnbindssituasjonar så me starta med å le høgt av heile greia…
Me gjekk frå Hå gamle prestegård, over hengebrua og nordover langs stranda. Det var ganske kraftig kald vind, noko som stod i kontrast til at vårsola varma godt kvar gong me var i le. Eg var glad for at eg fekk dei med meg akkurat dit på trass av vinden. Dette er ein av mine absolutte favorittstrekningar å gå, så det var fint å få gjort det ein gong i løpet av påsken. Det låg tang og tare heilt opp til sanddynene, så sjøen må ha gått høg for ikkje så lenge sidan. Det må ha blåse ganske hardt og, for det var lite laussand, det var som å gå på hardtrampa havbotn.
Fargane var så fine i dag, den okergule marehalmen, dei grå steinene med gult lav, klarblå vårhimmel med striper av rosa og lilla og havet som gjekk frå turkisblått til marineblått og nesten blåsvart med kvitt skum der bølgjene braut og vinden fekk ekstra tak. Eg tenkte på at det kunne blitt ei veldig fin strikkekofte viss eg hadde klart å kopiere fargane akkurat slik dei var. Ein fin billedvev kunne det og ha blitt. Eg liker å samla på fargenyanser.
Me fann oss ein lun plett der me kunne setja oss ned litt, og me kjende at sola faktisk varma i ansiktet. Bare ein av oss hadde tenkt på å smørja seg med solkrem, og det var ikkje meg, men sat ikkje så lenge at me fekk varige men. Til mi overrasking viste det seg at kafeen på prestegarden var open i dag, så me varma oss litt der før me reiste tilbake.
Heime hadde eg invitert den vesle kohortfamilien vår til å smaka på eplekaka eg bakte i går. Inspirert av noko eg såg på kafeteriaen som såg veldig godt ut så rørte eg saman ei pannekakerøre slik at det vart varme pannekaker, varm eplekake, syltetøy, jordbær, is og krem på bordet med unnskuldninga at det ikkje er så ofte det er påske.
Leif ville gjerne ha meg med på kino for å sjå ein film som hadde fått så fin kritikk. Eg er glad i å gå på kino, men må innrømma at eg var litt undrande skeptisk til å sjå filmen Gunda, ein ordlaus dokumentar om ein frittgående gris på ein gard ein plass i landet vårt. Og smal må vel filmen kunna seiast å vera. I over nitti minutt kunne me sjå langsamfilm i svart- kvitt om ei grisesugge med ti grisunger, om burhøns som fekk fridomen og om kyr som slapp på beite etter vinteren inne i fjoset. Eg måtte likevel innrømma at det var ein fin film. Det vart ikkje sagt eit ord, alt var som sagt i svart-kvitt og lydane var stort sett dyrelydar eller lyden av traktor og landbruksmaskinar. Det heile var veldig vakkert laga og dei nitti minutta gjekk veldig fort. Dessutan følest det alltid smittetrygt på Bryne kino, det var to personar til i salen utanom oss.
I forkant tenkte eg at dette kom til å bli ein lang påskeferie med god tid. Det har vist seg å vera sant at tida er god, men ho viser seg og å gå ufattelig fort.
Heidi