27.mai – Nesten sommar

I dag var det ei kjenning av noko som minna om sommar. Alt var så grønt og lufta var mild og god. På slike dagar får eg lyst til å leggja meg i det grøne graset og kikka opp på alt som er grønt og nyutsprunge med himmelen som sommarblå bakgrunn. Så skulle humlene få susa og svalene fly.
Det er jo faktisk mindre enn ei veke til me skriv juni og sommaren rett og slett er her. Det har vore nokså kaldt i mai, så det er lett å gløyma at det lir så langt på året allereie. Me er meir enn klare for ei mild, mjuk og sommarleg omfamning nå. Når det gjeld omfamningar så er eg betre stilt enn mange eg som bur i hus med kjærasten min og har barnebarn og elevar. Eg tenkjer på alle som bur aleine og kanskje ikkje har hatt nokon å omfamna dei siste fjorten månadane. Nå håpar me at me ser enden på pandemilevemåten.
I dag var skulane og barnehagane på grønt nivå, og nå har me plutseleg lov til å ha ti gjester igjen. Kyrkja opnar for 200 deltakarar på gudsteneste så vidt eg forstår, og det aller meste skal langsamt gli over i normalen. Det rare er at nå følest det nesten litt utrygt å opna opp. Er det verkeleg trygt og forsvarleg? Det er ikkje meir enn ei veke sidan det var smitte knytta til skulen som ligg eit par hundre meter frå oss… På ein måte hadde det kjenst tryggast å venta med opninga til eg i det minste hadde fått første vaksinedosen, men me får satsa på å halda oss smittefrie dei siste vekene og…
Etter skuletid sykla eg den veldig korte vegen til huset og hagen der eg har to barnebarn. Eg er så utruleg takknemleg for å ha dei så nære. Tre og eit halvt-åringen hadde fått ei insektsbok og eit forstørrelsesglas til å sjå på insekt med. Eg og ho måtte ut i den eventyraktige hagen deira for å leita etter insekt. Det var så spennande at ho bare kviskra for ikkje å skremma insekta. Det vart dessverre ein litt mager fangst i denne omgangen. Me fann ei død flue og ei død bille. Ei humle surra forbi oss, og spindelvevane var tome for edderkoppar. Myggen ville ikkje inn i barnematglaset me hadde med, eit kvitvenga lite møllvesen forsvann i det me såg det, og skolopenderen og skrukketrollet me fann under ein av steinane me snudde forsvann begge to før me hadde rukke å sjå på dei.
Spennande var det likevel. Til slutt bestemte barnet seg for at ho kunne jo heller plukka blomar til mamma. Det gjorde ho, blå og rosa hageblomar, ein brudespireakvist og ein løvetann. Det vart så fint så. Insektsjakta kan me jo fortsetja på kvar einaste dag i sommar om lysten skulle melda seg. Det er så fint at ho har ein slik hage å leika i, og det er koseleg å tenkja på at det er den same hagen eg leika i då eg var på omtrent hennar alder. Det er og merkeleg, nesten høgtideleg, å tenkja på at det eg får vera med i nå er hennar barndom. Dette er dei åra som skal forma henne og som ho alltid skal bera med seg, enten ho kjem til å hugsa denne sommaren som brotstykke av ein barndom eller om dei bare skal liggja der som grunnmur for seinare minne som kjem til å festa seg i hukommelsen. Sjølv veit eg at eg hugsar episodar og stemningar frå eg var på hennar alder, og til og med litt før, men det virkar som om det er veldig forskjellig kor langt tilbake eit menneske klarer å hugsa.
Eg lener meg mot Kolbein Falkeid sitt dikt til dottera Unn som skal begynna på skulen. «Å såmenn, vær rene på hendene…» Akkurat slik tenkjer ein når ein elskar i eit barn.
Heidi