Gå til innhald

31.mai – I morgon er det sommar

mai 31, 2021

I alle fall er det sommar i fylgje det elevane lærer om kalendaren på skulen. I juni, juli og august er det sommar, før det blir haust i september, oktober og november. Sommaren kjem like uventa kvart år, og spesielt nå i år sidan mai månad har vore så kald heilt fram til dei siste dagane.

I dag laga me sommarplakatar i kunst og handverk. Alle elevane fekk bidra med sine sommarteikningar og så fekk nokre av elevane setja det i saman til fine bilete. Eg sa me skulle henga dei opp for å ønska sommaren velkomen, så då kunne det passa å gjera det same her på bloggen.

Eg er på mange måtar eit lite strukturert menneske, men på ein test eg tok scora eg langt høgare på delscoren «planmessighet» enn eg eigentleg hadde drøymt om. Det dreier seg om at viss eg får ein eller annan idé om eit tåpeleg prosjekt eg skal gjennomføra, så gjennomfører eg det ofte. Eit slikt prosjekt er å skriva blogg kvar dag i mai og september for på ein måte å konservera desse dagane og vekene til seinare bruk. I dag har eg skrive blogg kvar dag i mai i 17 år. Det finst nok gode grunnar til å kalla slike idear for nokså meiningslause, men eg har hatt glede av både det å skriva og det å kunna bla meg tilbake i livet mitt og sjå kva som skjedde for eitt og sju og sytten år sidan.

Dersom eg skal konkludera med noko, så kan eg for min del seia at eg har observert at årstidene er som korridorar, og me går inn i dei same romma gong på gong når me er komne til rett korridor. Det er vel å dra det for langt å påstå at me er eit andre menneske i oktober enn i mai, men eg ser at mange av dei same kjenslene, tankane og opplevingane kjem att med årstidene. Det er sikkert og feil å seia at me forandrar oss mindre enn me trur, men eg observerer og at mange av dei tekstane eg skreiv for tre og tretten og seksten år sidan kunne eg like godt ha skrive nå. Situasjonen er sjølvsagt annleis i desse åra har eg gått gjennom fasane med barn, tenåringar, vaksne barn og barnebarn, men tankemessig er eg oppteken av mykje av det same, og jobben har og vore mykje av det same. Kanskje eg burde bli skremt og tenkja at nå er det på tide å prøva ut nye ting og utvikla seg litt… Samtidig håpar eg jo at me på eit eller anna plan utviklar oss heile tida.

Dei siste vekene har det dukka opp litt spennande prosjekt i den delen av livet mitt som handlar om skriving. Eg har fleire samarbeidsprosjekt på gang i lag med flinke musikarar. Det er så spennande å jobba i lag med nokon som er flinke til noko heilt anna enn meg. Samarbeid av den typen der fleire personar får til ting saman som ingen av dei kunne fått til aleine, det er samarbeid etter mitt hjarte. Eg har vore så heldig å få samarbeida mykje på den måten, og det håpar eg på å få fortsetja med.

For eit år sidan trudde eg at koronabølgja nesten hadde lagt seg og rekna med at nå var det heile snart over. Tida har lært oss noko anna. Dette blir nok og ein spesiell sommar, og det kan koma til å bli ein spesiell haust og. Nå kan eg snart lukka døra til den fikse ideen om skriving kvar dag og tenkja at jammen kom eg i mål i år og. Det har vore fint, takk for fylgjet. Eg kjem til å skriva i sommar og kjenner eg meg sjølv rett, men ikkje kvar dag. Me set oss alle dei merkelegaste måla, og nå har eg nådd eit av dei.

God juni til alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: