Gå til innhald

Ein av dei vaksinerte

juni 4, 2021

Med litt velvilje kan eg nå seiast å vera ein av dei vaksinerte. Det vil seia at eg fekk første dose Pfizervaksine i går, og at eg sit her med ein litt øm venstre overarm, men ellers utan mein…

Dei fleste av oss veit nok kor me var 11.september 2001 og 22.juli 2011. Kanskje me til og med hugsar då Oddvar Brå brakk staven… Eg trur og me kjem til å hugsa kor me var då landet stengde ned i mars i fjor, og kanskje korleis det var då me fekk koronavaksine.

Eg har aldri vore så glad for å få ei nål i armen som det eg var i går. Eg torde rett og slett nesten ikkje tru det før dei stakk. Kanskje eg kom til å bli forkjøla slik at eg datt ut av køen, eller kanskje eg kom til å få ei tekstmelding om at dei hadde fått for få vaksiner til kommunen og at eg måtte få ny time seinare.

Det var nesten litt høgtideleg. Eg hadde teke på alvor at ein ikkje skulle vera for tidleg ute, og det viste seg å ikkje vera kø i det heile tatt. Eg vart slusa rett inn og var på vente-og-observasjonsavdelinga før stikket eigentleg skulle vera sett. På min veg inn kjende eg att både Olinda og Møyfrid som frivillige bak medisinske munnbind, og det gjorde det nesten litt heimsleg. Stikket kjende eg nesten ikkje i det heile tatt, og så sat eg der og skulle sitja i tjue minutt for å vera sikker på å vera nære hjelp om det skulle oppstå ein hyperallergisk reaksjon. Eg veit ikkje kor mange andre enn meg og syster mi, som faktisk og vart stukken i går, som sit der og held moglegheita open for at ein plutseleg kan gå i anafylaktisk sjokk. Truleg ikkje så mange. Men eg har ei hypokondarside, så eg var letta og glad då eg litt småsvimmel kunne reisa meg og spasera ut, kasta munnbindet i næraste søppeldunk og setja meg på sykkelen og sykla vaksinert ut i sola og den sterke vinden. Eg var og innom det store spørsmålet om ein kom til å bli dobbelt sjuk dersom ein uforvarande hadde vore koronasmitta i det vaksina kom på toppen. Eg trøystar meg med at syster mi hadde lurt på det same, og at me forhåpentlegvis slepp å finna ut om det er slik det er.

Det første eg gjorde var å gå tur med nimånadarsbarnet i vogn. Eg klarte ikkje å la vera å fortelja dei eg møtte og kom i snakk med at nå hadde eg fått den første vaksinedosen. Dei smilte høfleg og nikka forståelsesfullt. Om kvelden feira eg med årets første moreller, som sjølvsagt ikkje smakte noko i nærleiken av dei norske morellene frå Hardanger, men dei ser i alle fall fine og festlege ut.

For å vera ærleg så synest eg det har vore ei påkjenning at me lærarar har hatt så lite smittevern. Mykje av det andre innbyggjarar blir åtvara mot å gjera har vore kvardagen vår som me bare må ta i mot. Eg tenkjer aldri på det mens eg er på jobb, men det hender slike tankar har dukka opp andre tidspunkt på døgnet. I tillegg til faren for å bli smitta sjølv så har eg vore konstant engsteleg for å smitta andre. Nå er jo ikkje faren over endå, men viss eg får gå ei veke eller to som framleis usmitta, så burde den største faren for alvorleg covid og respirator vera overstått…

Det siste halvanna året har noko av det første eg har gjort etter å ha vakna å sjekka smittesituasjonen. Dei siste månadane har eg heldigvis sluppe å sjekka kva Donald Trump har funne på mens me i vår del av verda låg og sov. Det var nemleg og ein del av morgonrutinane ganske lenge, så nå lettar det på både den eine og den andre måten.

I dag fann eg ein veldig positiv og ein ganske betenkjeleg nyheit på mi ferd som smitteinformasjons-sporar. Det veldig positive er at for første gong sidan i haust er det ingen covidsmitta på sjukehuset i Stavanger. Det som ikkje er fullt så kjekt er at det ikkje sidan epidimien braut ut har vore så mange bekrefta smitta på eit døgn i Time kommune. Det er jo ei «trøyst» at dei fleste smitta er knytta opp til russemiljøet og forhåpentlegvis er unge sterke menneske som «står han greitt av». Det er og ei trøyst at dei eldste og dei i dei største risikogruppene er vaksinerte nå.

Eg er som sagt nokså sikker på at mykje frå denne rare perioden kjem me til å hugsa lenge. Sjølve vaksinasjonen er det og noko dugnadsaktig over. Her kjem me alle saman i tur og orden og strekkjer fram venstrearmen for å få vår dose vaksine. Så håpar me å gå inn i ein ny epoke som me håpar liknar meir på det livet me har kjend fram til i fjor.
Framleis er det jo store utfordringar med pandemien på verdsbasis, så framleis står ganske mykje att. Så får me bare halda fram med å håpa på at verda går framover i positiv utvikling slik dei aller fleste av oss alltid har gjort.

Og det norske helsevesenet og det norske systemet imponerer meg. I det siste har helsevesenet imponert meg på andre måtar enn det som angår pandemien, men det er ein annan historie.

God helg alle saman, og fortset med å vera forsiktige.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: