Gå til innhald

Sommarferie

juni 30, 2021

Det er sommarferie, eller avspasering, som eg kanskje meir politisk korrekt skulle kalla denne første veka fram til 1.juli. Same det, nå er det sommar.

Ferien begynte som alltid med å vera veldig trøytt. Ein skal liksom landa etter veldig intense sisteveker på skulen. Slik er det kvart år, men kanskje litt ekstra i år etter å ha gått på tå hev og navigert i eit koronatrua landskap. Sommar vart det i år og, og til og med sommarver, som me jærbuar entusiastisk kallar det når temperaturen nærmar seg tjue grader. Me har hatt mange gjestar på verandaen og i utestova, ete fleire korger med norske jorbær og hatt det godt.

Eg har i mai og juni lese ferdig alle bøkene til Dea Trier Mørk, ho med vinterbarn, ein gong til. Det er noko med den enkle kvardagsrealismen og ikkje minst dei fine grafiske trykka som bergtek meg, og slik har det alltid vore. På ein bruktbutikk på ei brygge i Danmark fann eg nesten alle saman på dansk, så nå har eg dei dobbelt opp. Eg spring alltid rundt i bokhandlar når eg er i nabolanda. Det er jo så mykje kjekkare å lesa på originalspråket. Det har alltid irritert meg litt at det er så vanskeleg å finna svenske og danske bøker på originalspråket både i norske bokhandlar og på bibliotek.

Då Dea Trier Mørk døydde sørga eg litt over at eg aldri skulle lesa ei ny bok av henne. Nå når eg har lese alle bøkene i strekk ser eg at dei nok i større grad enn ein skulle tru er sjølvbiografiske. Dei handlar på ein måte om eit matriarkat der fire generasjonar kvinner stig fram. Eg ser dei same personane stiga fram med ulike namn. Når eg les dei frå min posisjon som mormor ser eg kor vakkert og tydeleg mormor-rollen er beskrive. I bøkene hennar er mormor ein viktig person.

Det understrekjer det eg høyrde ei klok dame seia på radioen for eit par år sidan. Mennesket er laga slik at kvinnene midt i livet ikkje får fleire barn, det er nok fordi mennesket er så komplisert og sårbart at det treng ein ekstra generasjon mødre for å få ein god start. Derfor er menneskekvinnene konstruerte for å slutta tidleg å føda eigne barn slik at dei blir frigjorte til å vera bestemødre. Det er då ein vakker og oppløftande tanke…

I går køyrde me over fjellet mot aust. Då me opna bildøra i Valle slo det 25 varme grader mot oss, og for første gong i sommar kjende eg sola verkeleg gjennomvarma kroppen på den gode sommarmåten medan me drakk kaffi og åt søte norske jordbær ved eit bord utanfor butikken.

Nå er me installert hos Sunniva og Trygve som har teke godt i mot oss. Me skal vera kattepassarar medan dei er på tur, men først skal me ha eit par dagar saman i byen som er i ferd med å opnast att etter koronanedstenginga. Ute er det sommarsol, så snart skal me ut i dagen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: