Gå til innhald

Siste dagen i juni

juli 1, 2021

Dagane startar tidleg her på Tøyen. Sunniva er nesten næraste nabo til Tøyenbadet som er under full ombygning. Frå før klokka sju dundrar og bankar og pip det i anleggsmaskinar rett utanfor vindauget. Måkane er ganske høglydte i timen før maskinane startar dagen. Så langt har faren for å sova vekk dagen vore liten, og det er det jo mykje fint med…

Det gleder meg å sjå kor grøn og fin denne bydelen har blitt. Det minner meg om det me såg i visse deler av storbyar i Europa tidlegare somrar. Utanfor husa spirer og veks det i pallekassar og på grøntareal. Sunniva og Trygve har salat og forskjellige grønsakar på eit pallekasseområdet framfor blokka. Saman med andre bebuarar har du og sådd blomar som skal tiltrekkja seg humler og bier, og det er tydeleg at målgruppa har funne fram.

På Grünerløkka er det områder med blomstereng og veldig mange koselege små butikkar. Sunniva viste meg ein butikk med barnebøker som det var vanskeleg å gå tomhend ut i frå, så det gjorde eg ikkje… Vakre barnebøker er noko av det eg er aller svakast for.

Det siste året har eg nesten ikkje kjøpt klær, Gudrun Sjødén butikken er ein favorittplass for ei dame som eigentleg er langt under middels glad i klesbutikkar. Eg blir glad av fargane og mønstera der inne. Det ende med litt handel der og, men plagga eg gjekk ut med var faktisk einsfarga, men skoa eg kjøpte hadde ein fantastisk fin blåfarge.

Oslo har jo nesten vore nedstengd store deler av koronaperioden. Her har det vore obligatorisk med munnbind, noko det framleis er på kollektivtrafikken. Det ser ut som om folk er sjeleglade for å sleppa ut etter ein lang vinter. Eg har observert mange som går med munnbindet i hånda, nokon har det under haka og atter andre som panneband slik at det kan vippast på plass om det skulle bli behov for det.

Eg stod i ein liten fin leikebutikk med eit kakelys forma som eit firetal i handa då eg plutseleg kjende eit hosteanfall koma som lyn frå klar himmel. Munnbindet hadde eg gløymt i bilen, og eg kunne jo ikkje stå der og hosta og så setja ein ubetalt vare på plass. Hosteskam er ei ny kjensle pandemien har lært oss. Etter eit host er det vanleg at den det skjer med mumlande og raudnande kjem med replikken: «Eg har ikkje korona altså».

Eg fekk betalt lyset og klarte stort sett å undertrykkja hostinga. Smittetalet i heimkommunen er akkurat nå faretruande og ubehageleg høgt, og eg kjende eit snev av den velkjende koronaangsten. Tenk om eg smittar alle rundt meg og øydelegg sommarferien for ein heil flokk med menneske. Litt trøyst er det jo å ha teke førstegongsvaksinen for meir enn tre veker sidan, og hostinga gjekk heldigvis over. At luktene av sjasmin, kløver, kaffi og nybakt brød framleis kitlar i nasen er og eit trøystens teikn.

Me åt lunsj på ein koseleg liten spansk restaurant Sunniva visste om. Det smakte kjempegodt. Etter ein vinter der me har vore lite ute blant folk er det mykje underhalding bare i å sitja og kikka på folk på gata. Ein mann gjekk forbi med ein stor og fargerik papegøye på skuldera. Sunniva sa at ho hadde sett mannen og papegøyen på bussen mange gonger. Eg såg for meg at det kunne bli fargerike situasjonar viss fuglen begynner å fly rundt mens bussen køyrer, men eigaren har kanskje stålkontroll på oppdragelsen av fjørkreet…

Ettermiddagen og kvelden hadde me i Bærum. På Elisabeth og Joffe sin veranda var det kaffi, moreller og biscotti. Deler av prydhagen deira er gjort om til blomstereng til ære for humler og bier, så det surra og summa der og.

Hos Henrik og Eva Mari var huset fullt av glade sommargjester der over halvparten var barnebarn. Fullt hus og vanleg dag på jobben hindrar ikkje den dama i å koma med middagsinvitasjonar til deilig mat laga frå botnen av og varm rabarbrapai. Me sat ute i kveldssola til det vart seint og kaldt og dagen vart avslutta med nål og tråd for å reparera ei knappehempe på ein blomstrande sommarkjole Sunniva kjøpte på gjenbruksbutikken i går.

Nå blir det steikt surdeigsbrød til frokost og så skal ein ny dag, den første i juli få lov til å skje oss.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Dorothea Lückner permalink

    Gudrun Sjödén gillar jag också! Har egentligen textilköpsstopp, men har köpt två nya klänningar i st f en som var helt utsliten. Vet inte riktigt hur jag räknade där, men de var på rea och det var inte den första!😄
    Så mysigt att hälsa på hos Sunniva! Det verkar vara trevligt där hon bor! Byggjobbet tar ju slut en vacker dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: