Første dagen i juli

Etter å ha starta dagen med Sunniva sitt utruleg gode surdeigsbrød med valmuefrø, la me ut på dagens ekspedisjon. Forskriftsmessig med kvart vårt svarte munnbind, reiste me med buss til Frysja for å gå langs Akerselva ned til byen.
For ein fin tur det vart i vakkert sommarver. Det var laga ein fin tursti heile strekningen forbi gamle industriområde som delvis var pussa opp til andre formål og forbi badekulpar der folk bada og koste seg. Frå då eg budde i Oslo eit par år midt på åttitalet, hugsar eg Akerselva som skitten og grå, så eg vart overraska over kor fint det var.
Me hadde pause ved Hønse-Lovisas hus og drakk ein kopp kaffi. I tillegg var det gode skogsopp-sandwicher til damene og ei vaffelplate med rømme og syltetøy til herren.

Her er brua som inspirerte Lillebjørn Nilsen til å skriva visa «Far har fortalt»
«Men jeg vet en bro som er gammel, brun og stygg, på den er et skilt hvor man leser. Hundrede mann kan jeg bære på min rygg, men svikter viss de alle marsjerer.
Jeg sier hei, kom bli med meg, jeg kan trenge en som deg. Leende barn skal leke i ditt spenn, og kaste små steiner ned i elva, mens mennesket søker sin fremtid»
Lillebjørn Nilsen
Etter end tur bar me med oss fulle berenett frå Kiwi og under leiing av Sunniva laga me god vegetarlasagne med auberginer, tomatsaus, mozzarella og fetaost og ei stor skål salat før Borghild kom til middag. Det var fint å sjå henne, det var lenge sidan sist.
Om kvelden sykla Sunniva og Trygve i veg for å få sin første dose Moderna sprøyta inn i overarmen før me avslutta dagen med å sjå Karsten Warholm setja verdensrekord. For å vri litt på ein kjend sommarhit. «Det er slikt eg kaller smak av sommar»
Heidi