4.juli Emanuel Vigeland- mausoleet

Eg har kanskje høyrt at Gustav Vigeland hadde ein kunstnarbror, Emanuel, men det me såg i dag visste eg ikkje eksisterte.
I eit boligområde eit godt stykke oppe i Åsen på den beste vestkanten av Oslo, ligg eit nesten bortgøymd lite museum. Det er eit mausoleum over Emanuel Vigeland, laga av han sjølv.
Me går inn i murbygningen til eit lite for-rom. Døra inn til mausoleet er så låg at ein må bøya seg for å koma inn. Over døra fortel eit skilt på latin deg at alt Gud har skapt er reint. Ei vakt fortel oss veldig stillferdig at det ikkje er lov å ha lyd på mobilen det inne og at det ikkje er lov å bruka blits. Me bøyer oss litt og opnar døra.
Der inne er det først stupmørkt, bare nokre få lyskastarar visar oss veggene med maleri i sepia og oker, men til å begynna med er det ikkje mogleg å skilna motiva. Eg ser ikkje fot framfor meg og anar ikkje kor eg skal trå, eg blir redd for å ramla ned ei trapp eg ikkje ser, men heldigvis er der ingen.
Akustikken der inne liknar ikkje noko eg har vore borti. Stega våre gir gjenlyd i rommet og blir liggjande og dirra. Eg knipsar med fingrane og lyden blir eit høgt smell. Leif syng ein tone, og tonen blir liggjande og dirra. Det luktar tjøre og noko som kanskje kan vera røykjelse der inne.
Etterkvart venner augo seg til det mjuke mørket og maleria på veggane og i taket kjem gradvis fram. Ei urne med oska etter Vigeland heng over døra. Maleria må ein heilt bort til veggene for å sjå, det er eit mylder av menneske vevd inn i kvarandre. Nakne menneske med mitiva fødsel, seksualitet og død. Fødselmotivet går igjen. Etterkvart ser me at det og står skulpturar langs veggene. Ein av dei viser ein fødsel.
Fleire menneske kjem inn. I starten er dei like forblinda og forvirra som me var. Det er stolar midt i rommet slik at ein kan setja seg ned og bare vera der.
I det som i ei kyrkje ville vera kalla våpenhuset ser eg plakatar av at. Det med jamne mellomrom er konsertar der inne. Det må eg prøva å få med meg ein gong. Den merkelege akustikken der inne kombinert med musikk klarer eg bare vagt å forestilla meg.
Etter museumsbesøket går me vegen ned frå Slemdal til Majorstua der me kombinerer ein kopp kaffi på Samson bakeri med ei intens regnbyge. Merkeleg nok stoppa regnet omtrent like fort som det begynte, så me kunne gå til fots tilbake til Tøyen via Grünerløkka.
Om kvelden fekk me vera med på familieselskap med pølser og kaker for å feira ein liten Albert som hadde sjuårsdag.
Heidi