Gå til innhald

5.juli Østfold

juli 5, 2021

I dag var det dagen for ein biltur gjennom Østfold. Både Sunniva og Halvard takka ja til å bli med mor og far på tur, så det var nesten eit flashback tilbake til gamle dagar.

Sjåføren hadde funne noko som vart kalla «Villmarksvegen» som han ville utforska nærare, men før me kom så langt stoppa me i Halden for å kikka på festningen. Så rulla me vidare gjennom østfoldske sommarlandskap med stopp utanfor allfarveg for å kikka på sluser eller fotografera gamle rønner.

I Ørje åt me lunsj med rekesmørbrød og salat i ein koseleg bakerikafehage, og vel framme i Oslo hadde eg ein liten oppdagingstur til fots mens alle andre kvilte.

Halvard og Sunniva hadde begge høyrt om ein kinesisk restaurant som hadde rykte på seg for å servera veldig god og autentisk kinesisk mat. Denne hadde me lyst til å utforska saman med barna og svigerbarna.

På den autentiske menyen fann me både sterkt krydra og steikte innvollar, kald grisemage, frosk og svineøyrer. Alt dette stod me over, men det me bestilte var veldig godt. Min variant var «Chrispy duck» servert med kinesiske pannekaker, agurk og vårløk. I følge barna var det veldig plain kinamat, men for meg var det ei ny oppleving som smakte veldig godt.

I følge yr er me nå ved eit verskifte der temperaturen skal falla litt. Det kjennest ok etter ei fin og varm ferieveke. Trur det veret me skal få er godt nok som sommarver å rekna for oss jærbuar. Så får me sjå kva dei neste dagane har å by på. Me har hatt det så fint til nå.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: