Gå til innhald

3.juli

juli 4, 2021

Etter å ha avlevert Sunniva og Halvard på ein seglbåt hadde me planar om å opna badesesongen for i år. Tretti grader eller det omkring inviterte absolutt til det.

Bading i sjøen på Jæren, og for vårt vedkomande i går i Sandvika, er to nokså forskjellige ting. Først stod me i kø for å få parkert bilen, så kom me til den fine nyleg oppgraderte stranda på Kadettodden. Der slo folk seg ned på små flekkar av gras eller sand og prøvde å halda to meter til ukjende badehandkle. Det oppstår ein nesten litt merkeleg ikkje-intimitet det folk skiftar under kvar sitt handkle og legg seg ned i sola i si eiga boble som om ein var aleine på stranda.

Så ligg ein der i fred og fordragelegheit og nyt sola. Rett bak oss har ein sveitt og tatovert pappa ein viljeskamp med to-og-eitt-halvt åringen sin som ikkje vil det faren vil. Faren er nok meir brydd av situasjonen enn det illsinte barnet.

Det er mykje folk som badar, men ikkje overfylt verken i sjøen eller på land, eit stort mangfald i badande personar på alle vis. Eg tek av brillene og badar. Dagen før lærte eg at vatnet er mykje varmare i indre Oslofjord enn i innsjøar og elver. Eg har alltid hatt i den vestlandske ryggmargen at sjøvatn er mykje kaldare enn ferskvatn og aldri reflektert over at det ikkje er slik alle stadar.

Eg solar meg og rekk å bli litt solbrend på ryggen mens eg les i ei filosofibok om vandring. Etterpå kjøper me med oss jordbær og reiser til Eva Mari og drikk kaffi i sola.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: