Når sommaren er sommar

Sånn utsikt går det òg an å ha frå stovevindauget. I dette tilfellet stovevindauget frå hytta til Astrid og Einar i Vestfold. Der var me på onsdag og hadde det fint i lag med dei. Badetøy hadde me med, men havet kokte så pass i vinden at det heller vart ei vandring i det vakre landskapet.
Noko av det fine med ferie er at me får sjansen til å møta folk me et glade i og bare la tida koma til dei og oss utan å vera alt for styrde av klokker og timeplanar. Noko av det eg liker utruleg godt med sommaren er dette å kunna la ting skje utan at dei er alt for planlagde.

I går hadde me ein utruleg fin dag i lag med Heidi og Per Inge. Me møtte dei på Grünerløkka og la ut på spontan vandring og surring rundt i byen. Me fekk med oss «det nye området» rundt operaen og det nye Munch-museet. Me koste oss i sola, drakk kaffi og åt is, og fann ein kafé med «street-food» frå heile verda.
Det aller finaste var å snakka saman. Snakka, snakka, snakka. Dela livet som er og som har gått forbi oss. Gode venner er noko av det aller finaste livet har å by på.
I dag skulle me ha eit nytt møte med gode vennet, men det skjedde noko som gjorde at det måtte avlysast. I staden har reisekameraten min kjøpt dagsbillett med Ruter og lagt ut på ein «set – deg – på – trikken- og- sjå- kva- som – skjer-dag».
Sjølv bruker eg føremiddagen til å skriva litt. Så legg eg ut på noko liknande, bare til fots. Blotta for evna til å finna fram, som mange veit at eg er, så gir det meg litt glede å føla at eg er i ferd med å «meistra» denne delen av byen. Eg er rett og slett ganske trygg for å finna vegen tilbake når eg går lei…
Med i nettet mitt vil eg ha skrivebok og mobil, ikkje så mykje anna. Eg gledar meg.
Heidi