Dei siste dagane i Oslo

Kom innom i morgon når me feirer treårsdag i bakgarden, sa Heidi. Då får du helsa på ungane og barnebarna. Slikt kan eg ikkje stå i mot, for var det noko som høyrdest koseleg ut så var det å møta ungane og barnebarna.
I bakgarden var det fint dekka bord og nygrilla pølser. Eg fekk oppleva det velkjende synet av Per Inge som entusiastisk arrangerte barnebursdag med leiker og skattejakt.
Eg hadde jo bare tenkt å seia hei og vera der ei lita stund, men så vart eg sitjande verfast. Plutseleg begynte tora å slå, og himmelen opna seg slik at regnet vart tømt i store bøtter frå ein plass der oppe. Eg var utan regntøy og paraply og vart sitjande under borettslaget sine enorme parasollar og drikka kaffi og eta kake i lag med alle gjestene. Det var kjempekoseleg å møta både dei vaksne og barna, og det er ein velkjend sommaraktivitet å sitja ute i høljeregn under ei eller anna presenning.

Tidlegare på dagen gjorde eg og noko eg liker, eg sat på ein benk i parken med kaffi i eit pappkrus og las ei pocketbok frå ende til annan mens eg observerte det som skjedde rundt meg.
I går hølja det ned nesten heile dagen. Eg møtte Sissel på kafé. Me våga å gje einannan ein klem sidan begge var halvvaksinerte og brukte timane til å henta fram alt me ein gong opplevda saman, og alt me har levd kvart for oss sidan då. Sjølv om eg samlar ivrig på timar år og dagar, og tek vare på livet som går så godt eg bare kan så sluttar eg aldri å la meg forbausa over kor fort eit liv faktisk går. Ein får bare ta i mot kvart kapittel med glede og begeistring og takka for alt me får.
I går ettermiddag prøvde me noko me ikkje har gjort før. Me bestilte indisk mat som me fekk levert på døra av ein mann med elektrisk sparkesykkel med maten i ein termoryggsekk. Så sette me på Rådebank, som me ikkje hadde sett før, og levde innelivet mens det regna ute. Først om kvelden kom me oss ut ein tur for å ta farvel med byen før me sette kursen vestover igjen i dag morges.
Heidi