Gå til innhald

6.juli Beautiful things

juli 6, 2021

Det har gått nøyaktig ei veke av ferieturen vår, og me har ein roleg morgon. Sunniva og Trygve har reist på segltur nummer to. Då dei skulle ut av døra regna det så heftig at dei vart einige med reisefølgjet sitt om å venta litt for i beste fall koma seg tørre om bord på båten.

Dagen starta med ein av variantane av Sunniva sitt gode surdeigsbrød til frokost. Då me reiste til eg med forskjellige ting å kosa seg med på rolege dagar, strikketøy, bøker, skrivesakar, iPad og berbar PC.

Kanskje eg får skrive litt og jobba litt med tekstar i dag… Eg har store mengdar råtekstar liggjande og masse eg har lyst til å skriva av nye tekstar som sviv i tankane. Eg hadde håpa å vera klar med ei ny diktbok før jul, men store mengdar arbeid gjenstår, så me får sjå…

Lesing og strikking klarer eg alltid å få tid til. Sunniva hadde lånt ei bok på biblioteket her som eg har hatt lyst til å lesa, så den heiv eg meg over så snart Sunniva hadde lese ferdig. Boka heiter «Beautiful things» og er skriven av Joe Biden sin yngste son, Hunter. Dette er mannen Trump stadig trakk fram som eit av sine trumfkort i valkampen. Han kunne gjera det kort med mykje undertekst som å stilla spørsmålet «Where is Hunter?»

Sidan boka har fått gode anmeldingar, og sidan eg elskar biografiar hadde eg bestemt meg for at denne måtte eg lesa før eller sida. Boka var velskriven og lettlesen sjølv om eg las ho på engelsk.

Det er ei bok som kanskje ikkje heilt uventa kan framstå som eit helte-epos over Joe Biden som framstår som den mest kjærlege og omsorgsfulle faren nokon kan ha, og som eit heilt i gjennom godt menneske som held seg oppreist gjennom store kriser og intense tapsopplevingar.

Det er ei bok om sorg, sakn og mykje kjærleik, og i stor grad ei bok om rusmisbruk og avhengigheit. Det store spørsmålet er korleis ein vellukka, velståande og høgt elska mann med vellukka karriere, fire nesten vaksne døtre som var glad i han kunne enda opp med å la suget etter kokain vera det som styrde livet hans. Eit anna stort spørsmål er korleis ein over ei lang tid kan klara seg sånn nokonlunde og skjula rusmisbruket ganske godt for andre enn dei næraste.

Kanskje eg forstår dette litt betre etter å ha lese boka, men bare litt. Det begynte sjølvsagt med alkoholhol og som mange misbrukarar fortel han om at heilt frå han var veldig ung og hadde dei første opplevingane med alkoholrus, så merka han suget etter meir. Er det verkeleg sanning i merka at nokon menneske genetisk sett er så predisponerte for rusmisbruk at trongen til rus nesten ikkje er til å stå i mot? I så fall kan ein stilla mange spørsmålsteikn til kor stor plass alkoholen har fått når menneske omgåst sosialt. For Hunter Biden rakna det for fullt når han mista broren Beau i kreft og når ekteskapet hans rauk like etterpå, men han legg ikkje skjul på at han før dette var tørrlagd alkoholikar med diverse sprekkar.

Han fortel korleis kokain til slutt var nesten det einaste han levde for, han var innlagd på diverse avvenningar og ende med å sprekka igjen. Han beskriv korleis han når han følte alt var i ferd med å gå under klamra seg til gjentatt å kviskra bøna «Ave Maria» som bestemora alltid hadde lese over han då han var liten som ein del av den katolske oppdraginga han hadde i ryggmargen.

Sagaen sluttar så langt som eit eventyr, han møter ei dame som hjelper han ut av misbruket. Dei gifter seg etter seks dagar og har fått ein liten gut han har kalt opp etter broren. Som dei fleste veit, så sluttar ofte eventyra med «og så levde dei lukkeleg i alle sine dagar…» Sidan dette faktisk ikkje er eit eventyr kostar eg på meg å vinka til boka og kviskra eit ønske «Måtte det gå deg godt, Hunter Biden…»

Og eg tenkjer på kor mange rusmisbrukarar som er langt meir ille ute enn han. Mange er heilt utan ei formue i ryggen og utan eit stort støtteapparat av menneske som gjer kva som helst for å berga dei. Eg ser mange av dei på gata her i Oslo og eg tenkjer på kor mykje sorg dei har rundt seg gjennom alle som er glade i dei og alt i deira eigne liv som ikkje vart som dei hadde håpa på.

Korleis kan me skapa eit samfunn der me kan hjelpa og støtta kvarandre slik at alle kan stå i å bera sine eigne liv utan å gå til grunne? Det er det store spørsmålet.

Det lettaste og vanskelegaste er å begynna med oss sjølv. Korleis kan me vera gode og støttande medmenneske til kvarandre og i praksis visa at alle er like mykje verd.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: