Gå til innhald

Heimesommar

juli 13, 2021

Heimesommar er ikkje dumt det heller. Sjølv om veret har vore litt gråare i dag enn det dei først melde på yr, så har det vore deilig og varmt.

Dagar saman med barnebarn er aldri feil. Plaskebasseng i hagen er stort, og ein insekts-safari med glaskrukke og forstørrelsesglas er kjempespennande for dei som snart skal bli fire år. Biletbok om Tornerose med musikk frå Tsjaikovskij sin Torneroseballett innkjøpt på Grünerløkka saman med ei kyssebok om ein forheksa prins viste seg og å vera ein suksess.

Eg har ete nøye tillaga leikemat på Iben sin kafé, og saman har me drive ein barnehage for kosedyr det dei akkurat den dagen tok i mot to nye barn på avdelinga. Flodhesten fekk visa den nye jenta kor ho kunne henga jakken, og alle barna på avdelinga måtte repetera stopp-regelen…

I dag var me på tur i skogen, tre generasjonar jentar. Den minste av oss fire hadde kvilen sin i vogna mens me tre andre plukka markblomar. Det gleder meg at to etterkomande generasjonar er like glade i å plukka blomar som meg. Ei stor og heilt gratis glede som samtidig gir ro i sjela.

Andre store små sommargleder er for meg å ha tid til å lesa og til å ha tid til å tenkja, reflektera og filosofera. Eg har rett og slett lyst til å anbefala litt av det som har gitt meg leseopplevingar den siste veka:

Mustafa Ali «Tett inntil dagene, fortellingen om min mor», er ei velskriven og hjartevarmande bok til å bli klokare av. Forfattaren skriv om mor si som kom frå ein liten landsby i den kurdiske delen av Tyrkia for å bli gjenforeint med mannen som var gjestearbeidar i Sverige. Etter at mora døydde av alvorleg sjukdom får sonen lyst til å finna ut meir om historien hennar. Kven var ho eigentleg?

Mora var analfabet og lærte seg aldri skikkeleg svensk. Før ho kom til Sverige hadde ho mista sju barn. Dei åtte gjenlevande tok ho med seg. Dette er ei sterk historie om å leva med beina planta i to ulike kulturar. Boka handlar mellom anna om sorga det kan vera som aldrande innvandrar å måtta akseptera at barna dei har oppdradd ikkje lenger identifiserer seg med foreldra sin kultur og religion. Meir enn noko er det ei sterk kjærleikshistorie om forholdet til ei mor forfattaren innrømmer at han ofte skamma seg over i oppveksten fordi ho var så annleis mødrene til kameratane hans.

«Birøkteren fra Aleppo» er skriven av Christy Lefteri. Det er ei utruleg sterk historie om eit ektepar som flyktar frå Syria til Stor-Brittania etter å ha mista den sju år gamle sonen i eit bombeangrep. Det er ei veldig vakkert fortalt historie som treff meg midt i magen, og som får meg til å begripa litt meir korleis det er å måtta rømma frå landet sitt, traumatisert og bokstaveleg tala skadeskoten. Det er ei bok eg trur me kan bli litt klokare av å lesa. Dei fleste av oss møter med jamne mellomrom menneske som kan ha liknande opplevingar som hovudpersonane i romanen. Sjølv har me brukt lydbokvarianten av boka som opplesing på turen heim frå Oslo. Nå gler me oss til neste lange biltur slik at me kan få med oss slutten på historia.

Det siste eg kan anbefala er magasinet Strek som eg abonnerer på. Nå har eg hatt meg ein ettermiddagstime i hagestova med katt og kaffi der eg har lese ein interessant intervju med Henning Hagerup og Jon Fosse.

Fortsatt god sommar alle saman. Framleis skal han vara lenge.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: