Gå til innhald

Sånne dagar ein drøymer om heile året

juli 14, 2021

Sånne dagar som dagen i dag er ikkje sjølvsagde på Jæren. Sola står høg og varm på sommarblå himmel og det er varmt og vindstille. Eg hadde litt eg hadde tenkt å gjera, men har bestemt meg for at i dag er det bare fornuftig å gjera ting ein kan gjera ute. Litt sol på kroppen kan heller ikkje skada. Ein nøttebrun sommarkropp kjem eg på ingen måte til å få i år heller, og det gjer i grunnen ingenting…

Eg har plassert meg i hengekøya og lyttar til det som kvar sommar er favorittprogrammet mitt: Sommar i P2. Eg er ein hund etter andre menneske sine livsgistoriar, og dette er staden å finna det. Eg liker så godt at dei som får denne vesle timen i fred og ro kan fylla han med musikk dei liker og historiane dei vil fortelja utan at nokon avbryt dei. Eg har til og med grubla over kva historiar eg sjølv ville fortald. Det hadde blitt vanskeleg for eg har så mange. «Everybody has a hungry heart», dyng dei på radioen. Det trur eg er sant.

I går serverte Halvard oss middag, eg hadde aldri før smakt poke-bowl med laks, men eg har lagt merke til retten på fleire av menyane eg har sett i sommar. Det har foregått eit skikkeleg tidsskifte i kva folk har til middag. Sjølv lagar eg nesten aldri det som var kvarfagsmaten i barndommen, fiskebollar, fiskekaker i brun saus, tørrgisk, plukkfisk, morrpølser… Alt sjølvsagt med kokte poteter til. I morgon blir det eit unntak her. Då skal det serverast komler, for det har den heimkomne yngstesonen lyst på. Eg må få kjøpt salt lammekjøt, det er då det blir ekte komlemiddag. sette eg meg

I går kveld sette eg meg ned for å sjå eit par episodar av Rådebank sesong 2. Eg klarte ikkje å riva meg laus, og vart sitjande med strikketøyet og sjå på alle åtte episodane før eg klarte å riva meg laus. For ein fin serie, og for nokre fine skodespelarar. Sjølvmordstematikken er viktig og vanskeleg. Det varma meg å sjå kor godt ungdomane i serien klarte å ta vare på kvarandre. Så var eg glad for å ha fått med meg det eg fort kunne ha tenkt var utanfor mitt interessefelt, ein ungdomsserie frå rånemiljøet…

I dag har eg sett i gang to prosjekt eg håpar vil lukkast. Eg gjer eit forsøk på å vaska putetrekka til utemøblene og har putta dei på ullvask i vaskemaskinen sjølv om det stod handvask på dei.

Så har eg hengt den store militærgrøne lavvoen vår ut til lufting. Sidan det har gått minst tolv, kanskje fjorten år sidan sist han var i bruk, sa noko meg at det kunne vera lurt. Då eg fekk han ut av trekket lukta telter svakt av sur mjølk, ikkje spesielt behageleg å sova det viss eg ikkje får vekk lukta. Nå håpar eg at eit døgn i sola gjer susen. Eg har vurdert spyling av teltduk med hageslange, men er usikker på kor fort det vil tørka. Eg tek i mot gode råd med takk…

Planen for lavvoen vidare er korsveifestival på dyrskuplassen i Seljord. Eg håpar me kjem oss dit. Dette rare året har det vore mange skjær i sjøen, men eg skal vera glad og takknemleg viss me kjem oss dit.

I ettermiddag er planen ein strandtur med Ingrid og jentene. Tenk at det er slikt eit ver me har i dag.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: