22.juli

Dagane her er fulle og romslege på same tida. Det er så mange inntrykk, stemmar, tankar og menneskemøte. Eg veit at i desse festivaldagane vil eg samla mykje inspirasjon. Eg gjer som Tore Thomasen syng om i ein kjend korsveigbarnesong:» Jeg går og samler solskinn, solskinn, jeg puster himmelblått…» Tankane erkebiskop Rowan Williams deler kjennest viktige å ta inn i seg og med seg vidare.
Det å samla solskin er noko me heilt bokstaveleg gjer her på Dyrskuplassen. I dag har det vore 31 varmegrader og steikande sol. Sjølv blir eg aldri plaga av varme, og synest det mest av alt er deilig å kjenna skikkeleg sommarvarme. Mellom slaga har eg vore ute på to turar og nytt synet og luktene av høgsommar, bringebær, varm jord, gras og store mengder markblomar.
For to år sidan var eg og på Korsvei. Det regna ute og området var fullt av sølepyttar og gjørme. I lag med to venninner var eg på kurs i kristen meditasjon. To av oss klarte å sovna under øvingane. Kurshaldaren sa at det var fort gjort å sovna på Guds fang. Det gjorde oss lattermilde. I det me småleande gjekk ut av kurslokalet og skrudde på mobilane sa ei ukjend dame:»Eg fekk ei melding frå mannen min om at det er sprengt ei bombe i Oslo». Slik starta det som me alle veit fortsetjinga av. Det vil seia : Slik starta det for vår del… Me vart alle kasta ut i nokre rare dagar og veker.
I kveld vart det eit minnemarkering av tirsdagen for det som skjedde. Det vart sett 77 roser rundt altaret og tend 77 lys i manesjen. Av og til er det godt, og samtidig litt vanskeleg å tru at kjærleiken er sterkare enn døden.
Heidi