Gå til innhald

Siste kvelden i Seljord

juli 24, 2021

Eg har hatt veldig fint dagar her, eg kjenner at Korsveibevegelsen framleis er ein plass eg har ankerfeste. Då hadde mitt første møte med bevegelsen i 1995, eller var det 96 kanskje, kjendest det litt som nå koma heim. Her kunne eg identifisera meg med det meste. Her er trua flytta ut i heile livet.

I går kom Leif og eg var glad for å få han hit. Det er fint å vera her i lag. Det var og ei fin oppleving at eg kunne koma hit utan å kjenna nokon og likevel kjenna meg inkludert og velkomen. På grunn av koronarestriksjonar er leiren delt i to underleirar, og dei fleste eg kjende litt frå før var i den første underleiren som var full då me kom.

Det er ikkje verst at me har fått lov til å samlast på denne måten. Verda kjennest nesten normal sjølv om det er metersregel og mykje handsprit.

I morgon reiser me heim att over fjellet. Då blir det meir familietid. Det blir fint. Sommarferie i Norge er faktisk heilt ok. Eg håpar å få skrive litt i vekene før skulen begynner igjen. Det kjennest som om eg har henta mykje inspirasjon. Etter fem dagar med 30 grader og steikande sol kjennest det i grunnen som om jærsk sommar med litt regn skal bli heilt ok.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: