Alt Korsvei er
Alt Korsvei er det vanskeleg å fanga på ein blogg for det er så mykje på same tida. Ein del av det er bufellesskap i små tun med felles matlaging og bål om kvelden.
Dagen startar med keltisk morgonbøn med songar og liturgiar frå Iona. Så er det samling for alle, barn, ungdomar og vaksne, ei kreativ og musikalsk messe, i år med spesielt fokus på Sakkeus-forteljinga.
Bibeltimane i år er med den pensjonerte brittiske erkebiskopen Rovan Williams. Han er ein person eg har sett veldig fram til å møta og oppleva. Dessverre fekk me vita i går at han ikkje fekk til nå koma på grunn av koronarestriksjonane og karantenereglar. Bibeltimane blir derfor på storskjerm, men det fungerte greitt. Etterpå vart det samtale med han på ein digital platform det folk kunne kommentera å stilla spørsmål.
Slik går dagane slag i slag. Korsvei er ein dugnadsfestival, så alle bidreg på forskjellige måtar. I år har eg som dugnadsoppgåve å stå i kjosk eit par timar tre av dagane og selgja is og brus. Eg vel å tru at det ikkje først og fremst var min feil at me brukte over ein time på oppteljing av kassen så det skulle stengjast for kvelden…
Nå blir bålet slukka for i kveld. Nattehimmelen er framleis lys, men det er iskaldt ute etter ein veldig varm sommardag. Eg har opplevd før at det er utruleg store forskjell på nattetemperaturar og dagstemperaturar i dette hjørnet av verda. Best å finna soveposen.
Heidi