Gå til innhald

August

august 1, 2021

Kvart år tenkjer og seier eg med Einar Skjæråsen: «August er det mykeste, myke jeg kjenner, denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne dugg av avskjed i mine hender». Vakrare kan det ikkje seiast.

Kvart år kjem 1.august som ei overrasking på meg, på eit eller anna vis fortrengjer eg nesten kvar dag datoen heilt til eg ser han på eit display eller ei avis. Kvart år seier eg til meg sjølv at august og er ein sommarmånad, og at teknisk sett gjenstår ein tredel av sommaren framleis.

August er ein av dei vakraste månadane eg veit om. Likevel kjem han alltid med eit visst vemod i hendene. Eg veit at forsommar og høgsommar er over, nå gjenstår seinsommaren. Seinsommaren kan vera veldig vakker. Lenge levde eg i den villfaringa at våren kanskje var favorittårstida mi. Eg har blitt meir og meir klar over at eg er eit skikkeleg sommarmenneske.

I går feira eg sommaren med at eg for første gongen i mitt liv klarte å få ein drage til vers. Det var perfekt dragever på jærstrendene og som det framgår av biletet så hadde eg med meg to gode hjelparar. Dette skjedde som eit kapittel i ein lang jentedag for tre generasjonar der me både rakk kafébesøk, strandtur, leiking og høgtlesing.

Denne sommaren har me vore i lag med familie nesten heile tida. Det har vore veldig fint. I tillegg til Oslotur med mykje tid med dei to yngste og Kristiansandtur med barnebarna, så har me hatt fleire veker med besøk av dei som bur i Oslo. Nå har dei reist tilbake og huset er litt tomt, men i morgon eg planen at me skal køyra til Voss med Odd Christian for å henta bilen hans på verkstad. Han og Sonja hadde eit lite motorhaveri då dei var på ferie for eit par veker sidan.

Det har og vore ein strikkesommar. Prosjektet med å strikka ei kofte i strandfargar klarte eg ikkje å fri meg på. Eg måtte prøva. Dei som har fulgt denne tråden veit at eg faktisk fekk ei slik kofte strikka av Eva Mari i bursdagsgave. Nå måtte eg prøva ut min versjon. Som mykje eg gjer vart det veldig barokt. Begrensningens kunst ligg ikkje for meg. Om dette skulle bli eit koftemønster måtte eg stilisera det ganske mykje. Men skaparprosessen var fantastisk, og jakken kjem til å passa det eldste barnebarnet lenge.

I sist veke kom kommunen med ein gavepakke i form av ekstra vaksinedosar som vart delt ut til dei som jobbar i skule og barnehage. På den måten fekk eg andredosen med Pfeizer nesten ein månad før det som var planlagd, og slikt seier eg takk til. Nå er eg ferdigstukken i denne omgangen, så får me bare håpa at all vaksineringa gjer at me går ein lysare koronahaust i møte.

Så får me seia velkomen til august månad denne gongen og med alt han måtte visa seg å by på av gleder og utfordringar. Ute er det fint ver akkurat nå, og eg skal skunda meg å gå ein tur medan sola er her.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: