Så skriv me september

Ute er det framleis mildt og mjukt og vakkert. August har vore oss vennleg med mykje fint seinsommarver.
For oss har august vore noko heilt utanom det vanlege nå i år. Dei første to vekene hadde me det så godt me kunne medan me venta på den store hjarteoperasjonen Leif skulle ha i Bergen.
Dei to første vekene etter operasjonen vart nok tøffare for han enn han hadde sett for seg, med ein del vanskar og komplikasjonar som eg ikkje trur gjorde legane veldig urolege, men som var ubehagelege nok for han det gjaldt. Det gjorde at han fekk ei veke lenger på sjukehus enn det han først var forespegla, men på tysdag kveld vart han utskriven. Dei to siste dagane har me sett at nå går det verkeleg framover sjølv om det framleis er små komplikasjonar som skal fylgjast opp av fastlege og på sjukehuset.
Sjølv har eg følt meg omgitt på alle kantar av omsorg og varme. Me kjenner så mange gilde folk. Eg tullar med at eg nesten har hatt deltidsjobb med å svara på sms og på telefon om korleis det går med han. Det er ein jobb eg har gjort med stor glede fordi det kjennest så godt at så mange bryr seg.
Oppstarten av skuleåret har vore fin. Eg trur at dette skal bli eit gildt arbeidsår. Eg trivst godt med oppgåvene eg har fått og er kjempeglad for å få jobba med dei same elevane som i fjor. Dei andre vaksne på trinnet er sånne som eg oppriktig gledar meg til å jobba i lag med.
Nå er stova full av fine blomar me har fått, og me har begynt å ta i mot litt besøk av familie og venner. Eg har avlyst det meste av det som kunne avlysast desse dagane for at pasienten skal sleppa å vera mykje aleine, men dei siste dagane har eg fått dei daglege spaserturane mine. Plutseleg føler eg meg trøytt, det har eg ikkje gjort før denne månaden, men eg fortel meg sjølv at det heilt sikkert er ein naturleg reaksjon på litt urolege netter og på at eg nå føler eg kan pusta ut litt.
Me er uendeleg takknemlege både for at hjarteproblema til Leif tilfeldigvis vart oppdaga og at det verkeleg går an å gjera det som er blitt gjort av dyktige legar.
Dette vart eit veldig personleg og ganske sjukdomsfiksert innlegg, men sånn fekk det bli i dag. Nå er me klare for september.

Heidi
Eg likar at september er den niande månaden, når sept betyr sju.
– Henning Berge