Gå til innhald

Haust

oktober 2, 2021

Me skriv oktober, og etter ein lang og vakker seinsommar er det definitivt haust. Det har nå gått sju veker etter Leif sin hjarteoperasjon, og heldigvis går det veldig framover nå. Det har nok vore ei spesiell oppleving å bli sett så kraftig ut av spel.

Med ein travel skuleoppstart, to fantastiske barnebarn, og eit liv med mykje forskjellig innhald, har det vore vanskeleg å finna tid til å skriva blogg. Det gjer at ideane til ting eg hadde hatt lyst til å skriva om svirrar rundt i tankane, og eg veit ikkje kva tråd eller ball eg skal starta med.

I år har eg seks timar krle i veka, det er eit utruleg spennande fag. Bokstaven e står for etikk, så ein del av faget er å læra barn om etiske problemstillingar og trena dei i etisk tenking. Eg fann ut at eg ville kombinera etikkundervisninga med eit tverrfagleg Astrid Lindgren-prosjekt og ta utgangspunkt i boka om Ronja Røvardotter. Denne boka er fullpakka av etiske dilemma.

Sjølv synest eg det er heilt genialt korleis forfattaren på ein spennande måte flettar saman tema som fordomar, svik, kjærleik mellom foreldre og barn, det å bli forma av eit samfunn, mennesket og naturkreftene, vennskap, umoglege etiske dilemma, store konfliktar, tilgjeving og det å ta oppgjer med vala foreldregenerasjonen har teke.

Det første temaet vårt var dette med fordomar. Ronja og Birk har vakse opp i kvar sin røvarflokk, og det einaste Mattisrøvarane veit om Borkarøvarane er at alle saman er dumme, onde og nokre skikkelege drittstøvlar. Det er altså det Ronja og Birk veit om kvarandre når dei møtest i skogen ein dag.

Me snakka mykje om kva fordomar er for noko, og at alle menneske nok har det. Det er interessant å reflektera saman med barn og dette var tydelegvis nye tankar for mange av dei sidan dei framleis er så pass små.

Då retta ein av gutane opp handa og hadde eit spørsmål til meg. «Har du fordomar, Heidi?» Eg svarte pedagogisk korrekt at det har eg nok, for det har alle. Nokre veit me om og andre veit me ikkje om. «Ja, men kva er dine fordomar? «

Eg vart litt svar skuldig. Ikkje trur eg det ville ha vore lurt å utbasunera det om eg visste godt om nokon. Det er vel ufarleg å seia at eg sikkert har fordomar mot nynazistar og satanistar, men kva har eg eigentleg fordomar mot?

Eg veit eg har skrive før om korleis folk sine konkrete fordomar av og til har truffe meg midt i magen. Då Bjarne Brøndbo i eit intervju sa noko som eg eigentleg ikkje hugsar godt nok til å sitera, om at han ikkje likte avholdsfolk fordi dei var kjedelege, sure og fordømmande, fekk eg spontant lyst til å kontakta han for å visa at eg var eit usedvanleg festleg og veldig lite fordomsfullt menneske… Eg gjorde det ikkje…

Men det slo meg at eg faktisk går rundt og trur at eg er mindre fordomsfull enn dei fleste… Det slo meg og at det er ei farleg haldning som kanskje vitnar om lite sjølvinnsikt… Kva høyrest vel farlegare ut enn eit menneske som trur seg å vera utan fordommar?

Det er av barn ein skal høyra det og tenkja vidare når ein er aleine. Kanskje er det høgst menneskeleg å tenkja at ein sjølv har den opnaste horisonten og i tillegg stor sjølvinnsikt.

Eg kjenner at for meg gav dette grunnlag for ettertanke. Det er kanskje ikkje lite bare det. Eg har ein mistanke om at eg kanskje ikkje treng å gå lenger enn til mine eigne vaksne barn for å gå forslag til ting som burde stå på fordomslista mi, slik at eg får litt å jobba med…

For å slutta litt muntrare. Den eine klassen fekk bruka to timar i kunst og handverk til å laga Ronja og Birk- dokker og fotografera dei ute i det som skulle sjå ut som Mattis-skogen. Her kjem det eine biletet.

Heidi


From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: