Haustferie

Snart er me midt i oktober, og me er midt i haustferien. Dette har vore ein spesiell haust, men det har vore fint midt i alt som har vore spesielt. Heldigvis har Leif blitt betre for kvar veke som har gått, og det er me djupt takknemlege for. I dag tidleg kjørte eg han til toget, etter ei mellomlanding i Bærum skal han bruka nokre dagar på Sandom retreatsenter. Han skal på såkalt stille/ taus retreat og eg er veldig spent på å høyra korleis han kjem til å oppleva det. Sjølv har eg tenkt på det mange gonger, men aldri kome så langt at eg har reist. Eg lurer på korleis det hadde vore å bruka fleire dagar på taus ettertanke og bøn utan å «få lov til å snakka». Nokre eg kjenner trur at eg ville hatt problem med det siste, men det kunne vore spennande å utforska. Eg trur mange av oss på eit eller anna plan lengtar etter meir tid til å vera stille.
Nå skal eg prøva å få tid til å vera litt stille her heime, men eg må innrømma at sjølv om eg er glad i å vera aleine i begrensa tidsperiodar, så føler eg nok mest dragning mot å vera der det er andre menneske. Eg har aldri heilt forstått at nokon synest det er fantastisk fint å vera heilt aleine på ei hytte ei veke. Eg er flink til å tilpassa meg til å vera i lag med mange menneske, men har nok eit utviklingspotensiale når det gjeld å vera aleine…
Sist helg vart eg plutseleg veldig forkjøla, og veldig forkjøla får ein jo ikkje lov til å koma til jobb nå for tida. For første gong sidan svineinfluensa måtte eg fint ta meg nokre sjukedagar heime, og for å vera sikker på å ikkje driva aktiv smitteverksemd fekk eg og prøva meg to gonger på heimetestar som heldigvis viste at eg ikkje hadde koronasmitte. Det virkar som om me er trefte av ei massiv smittebølgje der halve verda snufsar og hostar i smug og må ta seg time-outar frå arbeidslivet. Kanskje halvanna år utan å vera i nærleiken av noko som kan smitta har punktert immunforsvaret vårt? I så fall er det kanskje tida for å byggja det opp igjen? Heldigvis bur eg så nære barnebarna at eiga forkjøling kunne kombinerast med å hjelpa til med sjuke ungar… Nå er dei heldigvis på betringens veg dei og. Kvardags-samver er den store bonusen med å bu nære kvarandre, og kva er meir kvardagssamver enn å vera der når det rett frå øyrer, nasar og auge og hosten knapt let seg stagga.
Ute er det fine haustfargar, og nå har haustregnet innhenta oss og. Kveldane og morgonane er mørkare, og om ikkje veldig lenge tek dei inn dei første julevarene i butikkane. Tida går av seg sjølv og me med den… Livet har vore intenst i det siste, men samtidig rolegare enn vanleg fordi eg har måtta seia frå meg ein del ting eg vanlegvis ville vore med på. Nå har eg mykje som burde vore teke tak i, i kveld har eg begynt i det små med å rydda skrivebordet mitt her heime. Eit ordtak seier at den som er klok har det aldri travelt. Eg hugsar ikkje heilt kor ordtaket kjem i frå, men eg har ein mistanke om at det ikkje er norsk… Ein tidlegare sambygding av oss, som nå finst i bronseversjon nede på torget har uttalt at «Det lagar seg alt bare ein ikkje kjem i ulage sjølv». Det stør eg meg i mot og skriv under på.
Heidi