Gå til innhald

Den sommaren

oktober 14, 2021

Dette er eit innlegg eg har tenkt i heile haust at eg skal prøva å skriva. Eit liv og eit samliv har mange fasettar. Her i huset har me vore så heldige at me stort sett har vore friske og sterke. Me har ikkje trengt å kjenna så mykje på kor fort åra går fordi me har budd i kvardagane våre på ein ubekymra måte og hatt krefter til å leva livet omtrent slik me alltid har gjort. Denne sommaren vart annleis fordi han eg lever med fekk vita i vår at han måtte gjennom ein stor operasjon. Plutseleg var ikkje alt det sjølvsagte like sjølvsagt lenger.

Om me tek med i betraktninga at ein av oss av legning er litt hypokondar, så er det innlagd visse modifikasjonar rundt konstante streiftankar om alvorleg sjukdom. Slike tankar kan likevel alltid parkerast litt. I dette tilfellet var det faktisk ein kjennsgjerning at ein av oss hadde fått alvorlege helsekomplikasjonar. Det førde til at mykje kjendest annleis, og at me måtte stoppa opp og tenkja. Eg vel
å by på desse tekstane fordi eg tenkjer at nokon kanskje kan kjenna seg att i dei. Eg er litt usikker på om dei er ferdige, eller om eg kjem til å endra på dei etterkvart.

*

Den dagen dei ringde frå sjukehuset
vart hjartet ditt plutseleg hjartet vårt.
Me hadde det mellom oss i bilen,
ved middagsbordet
og medan me sov om nettene.

Du kjørde det bankande hjartet vårt fram og tilbake
frakta det mellom sjukehuset og hagen vår heime
for å leggja det under alle luper og skjermar
der låg det og var vårt,
bare låg der og dirra.

Det låg i pusten vår og planane våre.
Me la det forsiktig ned i tilliten vår,
me prøvde å la det banka ubekymra
medan me såg fjernsynsprogram om togturar og pilgrimsvandringar
og prøvde å drøyma gode draumar.

Med uro og høg puls telde me dagane og vekene
fram til operasjonen
som låg der som redning og dommedag.

Forsiktig bar me det med oss,
ein vår og ein sommar,
hjartet vårt og sjølve livet
gjennom tikkande sekund og levande dagar.

Det banka seg mot den dagen,
den dagen då du skulle ta det med deg aleine
og leggja heile deg under sterke lampar
for å overgi deg og hjartet vårt
til skalpellane og til andre sine hender.

*

Dagane den sommaren,
meir hand i hand,
meir på tå,
og med føtene fastare på jorda.

Meir levande saman
i skuggen av det som skulle koma.
Medan sommarveker gjekk forbi
på bare føter med milde vindar i hendene,
og med hjartet ditt bankande mellom oss.

Alle åra me hadde hatt i lag
eit kikkeskap i eit hjørne,
med små og store rom
fulle av hendingar og år,

fulle av spebarnsgråt
og glade barnestemmar,
tenåringar og barnebarn.

med alle ansikt som endra seg
utan at me rakk å leggja merke til det.

På eit udekka bord ei bok om livet
og alt som hadde gått så fort forbi,
ein draum om nye tider,
nye kapittel,
nye songar.

Dagane kom tett den sommaren,
med ny tyngde og med nye fjørlette draumar.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Berit permalink

    Kjenne meg alt for godt att. Det er heilt utruleg kos ein venner seg eit nytt tilvære og blir takknemmeleg for det livet ein har.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: