Gå til innhald

Enn fråsen leskas, enn mæ franske å enn mæ pia

november 19, 2021

For ei stund sidan oppdaga eg at mitt elles så språkmektige barnebarn på fire år ikkje heilt visste kva ein bombom var. Det slo meg at om ein av dei som er barn nå hadde landa i barndomen min, så var det nok kanskje ikkje alt dei hadde forstått. Det er nok trist, men sant at barnekultur og lokalt leikespråk kan vera nokså flyktige greier.

«Æ du mæ mæg?» sa me på Ålgård. Det var for oss totalt uforståeleg når Bente som hadde flytta frå Sandnes til Åfaret på Ålgård kom med spørsmålet «Hålle du?» og eit minutt seinare med litt tynnare stemme: «Hålle dokke?» Sjølv måtte eg læra meg då eg kom flytta frå Bryne at dei dyra som hadde ull på ryggen heitte seeuue og ikkje saoue, og eg måtte læra meg at det heitte sauablomma og ikkje hestablomma.

Dei som var barn saman med meg på Ålgård på 60- og 70-talet veit nok kva det betyr å hinka eller å klinka, og kanskje er det fleire enn meg som hugsar korleis «dæ vanlega spæle» var når me «hopte spring». Eg hugsar faktisk «draspæle» og, sjølv om eg for å vera ærleg aldri vart veldig flink til å hoppa spring. Nå ville eg aldri klart å hoppa «dæ vanlega spæle» «på knenå» ein gong og slett ikkje «på lårå».
Me visste og kva det innebær når nokon ropte «du falt» på ein litt nedsetjande måte, eller viss nokon med sting ropte «Fritt for lov!» Ungane nå går nok ikkje på «sjesse» heller.

Det er ikkje sikkert at ungane på Ålgård nå veit kva ein «skrattlus» eller ein «hoppetrausk» er, og dei ville nok bli forvirra viss dei høyrde at me kalte sommarfuglar for marihøner. Ei veldig lokal greie på Ålgård var at ordet «ein kongo» var eit barnesynonym for ein person frå Afrika. Nesten alle gjekk på sundagskulen på «babben» eller kanskje heller Baptistkyrkja og der samla me inn penger til Kongo der legendariske Liv Godin var misjonær når ho ikkje var heime på Ålgård og var lærar på skulen vår.

Me var ofte ute og hjulte vogner som det enten sat ungar eller små barn i, og ingen av oss var i tvil om kva me skulle henta viss nokon bad oss om å gje dei ein stikkedåse. I friminutta sprang me fort ut for å vera langt framme når me skulle pråma, og i periodar var det «in» for gutar å gå på skulen med ull-lodde i fjos-sko.

At mykje av dette tilhøyrer eit nesten lukka kapittel i boka om livet får me leva med. Det er jo noko spennande med at både språk og kultur er i stadig utvikling, og alt var ikkje betre før. Men eg trur eg er nøydt til å læra ungen kva bombom er sjølv om dei nå ligg i den større skåla med navnet «lørdagsgodt». Trur ikkje at ho har ord som drops og pastill heller i vokabularet, så då må bombom vera minst like godt?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: