Dokumentasjon frå januar – 22

«Han spurte så, han sagde så : Hvor hører du vel hjemme?»
Mange av oss som jobbar med ungar i diverse aldrar kan reinska stemmen vår, kremta betydningsfullt og synga sorgmuntert i kor: «Vi hører hjemme i smitteland, i smitteland, i…»
Akkurat nå er det mykje smitte overalt. Ungane blir smitta, lærarane blir smitta og foreldra deira blir smitta. Heldigvis ser det ut som om nesten alle nå får omikronvarianten og ikkje blir veldig sjuke. Dette er ei gledeleg endring frå for eit år tilbake då me rett nok ikkje hadde smitte på skulen, men heller ingen vaksiner. Skrekkvisjonen frå dei av oss med fantasien på rett plass var då mageleie i kunstig koma med tilkopla respirator …
Brune papirposar, som ein kanskje tidlegare kunne assosiera med bollar eller postkort, har fått ei ny betydning. Nå går me stadig vekk heim med ein eller fleire slike frå arbeidsplassen eller rådhuset, og oppi ligg det hendige små eingongssett til sjølvtesting av virus. Nokre av oss lurer på om stadige roterande testpinnar i nasen til slutt kan forårsaka gnagsår, det vil visa seg.
Eit anna problem til ettertanke er at mange påstår at pinnar i nasen ikkje er ein sikker nok metode, dei bør eigentleg stikkast i halsen. Om dette stridest dei lærde akkurat nå, og nokre av oss ventar spent på svaret, og vurderer å testa halsen og neste gong.
Men visst venner me oss til det meste, og kvardagane går som vante gang sjølv om ein kjend medieperson påstod at me ikkje hadde hatt ein normal kvardag på to år. Dette er gode tider for å trena fleksibilitetsmuskelen sin. Alt kan til ei kvar tid bli omjustert og omdirigert, og for dei av oss som ikkje er så glade i alt for faste timeplanar, kan jo slikt vera spennande. Arbeidsdagane blir til etterkvart som dei kjem, avhengig av kven og kor mange som er sjuke eller i karantene. Fritida blir òg justert frå veke til veke. Denne månaden skulle eg ha reist til Oslo i to ulike anledningar, og begge er utsatt og avlyst.
Men dagane er fine og fulle av innhald, me øver med elevane på ei stor forestilling, og eg hadde nesten gløymt kor kjekt det er å synga gamle songar i lag med skuleklassar der elevane syng av full hals. Det går i Anne Knutsdotter og Håvard Hedde, og det er reint nostalgisk. Så får ein prøva å ikkje tenkja på at nokon kanskje vil hevda at dette ikkje er tida for å synga av full hals. Me har jo fått beskjed om at ungane skal ha det mest mogleg normalt, og det kjennest heilt rett.
I går vakna me til snø og i løpet av morgontimane fekk elevane våre beskjed om at dei kunne ta med rumpebrett i tillegg til varm drikke og varme klede. Her kjem vinteren gjerne om ein dag om gongen, og i går klarte me å gripa han og halda han fast. Det vart aking, snøbbalkrig, englar i snøen og eit forsøk på å få til ei miniatyrsnøborg. I tillegg var det varming av iskalde hender, barn som fraus og ville ha ein klem for å få varmen i seg, oppgliding av glidelåsar i jakkehalsar, justering av pannebånd fordi det var vanskeleg å gjera det sjølv med polvottar på, og opning av drikkemekanismen på gjenstridige drikkeflasker. Eg prøvde å hugda kva for ein lomme av ryggsekken eg hadde lagt antibacflaska i.
Så gjeld det å balansera alt dette mot fritida, for karantenereglane er jo blitt nesten fråverande. Når eg og dotter mi og dei to barnebarna alle er utsette for smitte frå ulike kantar, er det då ekstra farleg å møta kvarandre, eller kan me tenkja at det å møtast ikkje gjer noko frå eller til? Er det uansvarleg å møta venner som ikkje lenger har smitteutsette barn buande heime, og som brukar dagane på jomfruelege heimekontor? Nokre av dei har gamle og sjuke foreldre eller andre nærkontaktar i kategoriar som framleis bør unngå smitte.
Akkurat nå synest at det kjennest litt godt å ikkje møta så mange i helgene og om kveldane, men det er ein balansegang. Eg er i alle fall glad for å ha fått tre vaksinedosar. Då skal ein i teorien og vera mindre smitteførande.
I neste veke skal eg ut å opptre ein kveld om eg framleis testar negativt. I neste månad skal eg kanskje to turar til Oslo, og ha to helgebesøk av langvegsfarande gjester. Framleis kjennest alle prosjekt litt usikre, men det har me blitt flinke til å leva med.
Viss dette står fram som eit sutreinnlegg, så er det ikkje meininga. Det er snarare tenkt som ein dokumentasjon av ei merkeleg tid. Kanskje ein om femti år vil lesa pandemidagbøker med same intetesse som ein les krigsdagbøker i dag?
Fredag er frilansardagen min. Nå høyrer eg livskameraten min kjem heim. Me skal eta nysteikt surdeigsbrød med ost og smør og drikka kaffi. God helg alle saman.
Heidi