5.mai

Der drivhuset står på dette biletet hadde morfar et «eplestykke» eller ein liten potetåker, som vel dei fleste ville ha sagt nå. Der gjekk bror min og eg og tumla med han då me var bittesmå, for akkurat dette området var barndomens verden for meg. På Jonsokaften og sikkert rett som det var elles og, kunne morfar fortelja at han hadde noko på lur, me måtte ut og leita. Mellom forene på eplestykket, bak ein busk eller kanskje inne i steingarden hadde han gøymt to flasker eventyrbrus eller Donaldbrus, og så fekk me eit spikerhol i bruskorken slik at herlegheita kunne vara lengst mogleg. Før i tida var det ekte kork på undersida av bruskorkar, og det gjaldt å ikkje få den ned i brusen.
Først delte me hus med besteforeldre og tre onklar, så flytta me inn i huset ved sida av eplestykket som eigentleg var onkelen min sitt hus. Kvar kveld klokka sju stod me i vindauget på soveromet og vinka opp til bestemor som stod i sitt stovevindauge og vinka god natt til oss. Onklane i huset til bestemor var og veldig til stades, så me vart oppdregne av eit heilt kompani av vaksne. Det gir meining til utsagnet om at det skal ein landsby til for å oppdra eit barn. Den eine onkelen kom på besøk kvar gong det var lønningsdag på Serigstad støyperi. Me skulle få kjenna at det var lønningsdag me og, så då fekk me lakrisrullar der midtstykket var ein slik rund godsak med bittesmå perler på, slike som framleis finst i lakriskonfektposar. Det hende me fekk sjokolademus og, og desse hadde eit mykje betre fyll enn det som er i sjokolademus i dag. Desse herlegheitane vart kjøpt hos Jostein Pollestad frukt og tobakk i Storgata på Bryne.
Nå vil tilfeldigheitar og litt andre ting at bror min nå bur i bestemorshuset og barnabarna mine i huset på sida av eplestykket. Ringen er på ein måte slutta.
Nå har eg barnebarn i huset der eg sjølv var barnebarn, og eg håpar eg kan vera med på å gje dei ein god og trygg barndom slik alle mine fire besteforeldre var med på å gje meg akkurat det. Det trengst ikkje superbesteforeldre for å ta vare på barnebarn. Det trengst bare gode og trygge vaksne som viser i handling at dei er veldig glade i barna. Som det står i songen «Som barn tar man kärleken för given, allting annat är mot ens natur…»
Ein av aktivitetane eg og barnebarnet på fire har saman, er at eg går saman med henne til barnekoret i kyrkja annankvar torsdag, og der har me vore i dag. Først er det øving og så er det felles kveldsmat og leik. På sundag skal ho opptre med koret for første gongen. Dei andre opptredenane har gått i vasken på grunn av sjukdom og korona, så nå kryssar me fingrar for at det går bra denne gongen. Den siste songen dei har øvd inn er ny for meg, men veldig fin. Teksten går som dette:
***
Det er hundrevis av spurver, tusen millioner,
De smetter og de spretter rundt ved skog og vei.
Det er hundrevis av spurver, tusen millioner,
Og Gud kjenner hver og en, og Gud kjenner meg.
Det er hundrevis av barn på jorda, tusen millioner,
Og Gud husker navnet på oss hver for seg.
Det er hundrevis av barn på jorda, tusen millioner,
Og Gud kjenner hver og en, og Gud kjenner meg.
***
Dette er ein tryggleik eg synest det er fint om ho får ha med seg.
I det eg skal følgja henne heim for kvelden, oppdagar eg at ho har gløymt å eta druene eg hadde med i ein liten plastboks. Ho tel at i boksen er det åtte bringebær og ti druer. Så et me druer og bringebær og går mot huset deira i den småkjølege vårkvelden.
Det siste stykket sit ho på sykkelsetet mitt medan eg trillar sykkelen, då kjem ho i rett høgde til ein fortruleg samtale medan me begge held blikket på vegen slik at me kan halda sykkelen på rett kurs og i balanse. I grusbakken ned til huset er det best å springa sjølv, for der er det litt bratt, og sykkelsetet mitt er så høgt.
Eg hugsar at eg av og til sat på sykkelen til mor, det hadde eg nesten gløymt, og eg trur ikkje det kan ha skjedd ofte. Det var før barnesetene si tid, og eg fekk beskjed om å halda føtene godt ut frå sykkelhjulet. Elles kunne eg brekka foten og det som verre var.
Så fort eit liv går. Det som kjennest som veldig kort tid sidan var eg eit barn, og plutseleg utan at eg heilt har forstått kor åra vart av, er eg blitt ei mormor. Det er godt at barnet ikkje veit endå at det er slik det er. For eit barn er framtida uendeleg.
Heidi