8.mai

Løvetennene er på sitt finaste nå. Det lyser knallgult og frekt frå tjelver, hagar og grøftekantar. «Tenk om løvetennene hadde vore grøne og graset gult», sa barnebarnet då me betrakta herlegdomen gjennom bilvindauget på veg til Soma gård. Me var einige om at det hadde nok sett rart ut sidan me er så vane med at det er motsatt.
Det har vore ein fin maisundag. Først var me i kyrkja. Barnebarnet og resten av barnekoret song av full hals og klarte seg kjempebra. Foreldre og besteforeldre sat med ein liten klump i halsen og høyrde på, for ingenting er så tåredryppande som syngande barn. Eg reknar med at eg ikkje er aleine om å oppleva det slik, sjølv om me nok er litt ulike. Mi liste over ting som garantert trigger tårene mine er i tillegg til syngande barn -skulekorps, mannskor med kvite songarluer og teksten på «Fortell ikke meg at du er eeeensoom». I den siste songen er det spesielt verset om den gamle mannen som sit aleine på kafeen og drikk sin kalde te. «Han har ingen venner, men han gir ikke opp for det…» Sidan eg begynte å gråta av den songen då han kom ut i 1971, hadde bror min i mange år stor underhaldning i å syngja han for meg for å sjå om det hadde sin forventa effekt. Det aller mest tåredrypande eg veit er kombinasjonen av syngande barn med levande lys i hendene. Då er det nummeret før eg hulkar høgt. Dette scenarioet er ikkje fullt så sannsynleg som det ein gong var fordi det nå er så strenge reglar knytta til levande lys at eg mest aldri ser det lenger.
Etter kyrkja reiste me med barnebarna og foreldra deira til Soma gård der me klappa lam og geiter og grilla pølser og åt is. Ungane var storfornøgde med at det i tillegg var mange trampoliner, traktorar og kjekke leikeapparat der. Minstebarnet er ein hund etter alle mulige variantar av disser og vipper, og dette hadde ho god tilgang til. Ingen av oss hadde vore der før, og me var einige om at dette kunne me ha lyst til å gjera om igjen ein annan gong. Sola skein så fint sjølv om det var relativt kjøleg. I dette hjørnet av verda forlangar me ikkje å ha det varmt eller vindstille for å synast at veret er fint.
Me la heimvegen til vegen ytterst langs strendene. Akkurat nå er det så fint ute at eg får lyst til å gråta. Kvar vår er det nesten ein slags sjokkeffekt i å oppleva at naturen vaknar til live att etter ein vinter. Hos oss er vinteren meir bleikgul og grå enn han er kvit, det er alle grønfargane som gjer våren så eksplosivt fin. Kvart år skjer det eit under i naturen sjølv for oss som ikkje har ein einaste centimeter med snøsmelting. Eg gleder meg til resten av oppvakninga. I år tenkte eg meir enn eg vanlegvis gjer på datoen for i dag. Plutseleg er ikkje det å bu i eit fritt og fredeleg land ikkje fullt så sjølvsagt lenger. Løvetennene mot den blå himmelen på biletet øverst fekk meg til å tenkja på det ukrainske flagget. Måtte verda snart koma på hengslene att.
Heidi