3. Juli

Natta pakkar seg rundt huset, alle har gått og lagt seg. Eg sit her og kikkar ut på det marehalmdekte landskapet der dei siste restane av solnedgangen ligg rosagul og tung mot horisonten.
Det har vore ein dejlig dag som dei ville ha sagt det på dansk. Dagen starta kvart over fem med to morgonfriske jenter som ikkje såg nokon grunn til å drøya oppstandelsen. Etter kvart som folk begynte å stå opp fekk eg lagt meg og sove eit par timar til før felles frokost med kaffi, ferskt brød, egg, bacon og gebursdagssong for dagens jubilant. Dagen vart markert med markblomar plukka av meg og Iben og danske bordflagg frå Brugsen.
Veret vart mykje finare enn yr hadde spådd. Eg kan nesten ikkje hugsa at me har hatt så varmt vêr i Danmark før, dersom me ser vekk frå campingturane med familien min då eg var tenåring. Då hugsar eg det som om me alltid hadde som og gode badetemperaturar. Det kan då vel ikkje ha vore slik det eigentleg var?
Eg nyt å ha alle barna og barnebarna eundt meg. Me har vore på tur til Hjørring, og har vore på stranda det dei modigaste bada. Så har me hatt bursdagsselskap i hagen med danske kaker frå bakeri, jordbær, bringebær og moreller.
Sommarhusa her er lagde slik at ein føler at ein nesten bur aleine langt bortanfor sivilisasjonen. Utanfor er det masse tre, buskar, blomar, insekt og fuglar. I går såg me rådyr koma og forsyna seg av vegetasjonen rett ved huset, og i dag såg me fleire av dei i nærområdet.
Eg har klart å mista kanna til kaffitraktaren i det harde flisegolvet slik at ho knuste. I morgon hon må me ut og sjå om me får tak i ei ny… Det fine var at Halvard og Ingrid påtok seg jobben med å kosta, vaska og støvsuga for å få vekk alt glaset, og at Oddvar brukte ingeniørkreativiteten sin til å finna ein patent til brygging av kaffi via ein kaffitraktar utan kolbe…
Nå er det nok lurast å koma seg i seng. Eg kjenner høg grad av gjenkjenning når det eldste barnebarnet på 4 1/2 år spør: «Korfor må menneskene sova, korfor kunne me ikkje bare vore vakne alltid?» Akkurat det spørsmålet har eg og stilt sidan eg var på hennar alder. Eg synest framleis det er eit godt og viktig spørsmål…
Heidi