Gå til innhald

5.juli

juli 5, 2022

Ferie med ni vaksne og to relativt små barn er koseleg, kaotisk og intenst. I dag har nokon brukt føremiddagen på minigolf, og andre på bruktbutikkar medan ein liten gjeng av oss vart igjen heime for å bada og ta det litt meir med ro. Iben kosar seg veldig i bassenget og blir flinkare og flinkare til å våga å stola på at vatnet kan løfta henne når ho klarer å slappa av og leggja seg ned. Framleis er det best å ha armringar og badering rundt livet, men ho blir modigare og modigare. I tillegg nyt ho verkeleg å ha så mange vaksne å spela på. Veslesyster hennar er stort sett glad og energisk og talegåvene utviklar seg frå dag til dag.

I ettermiddag har me vore på Nordsjømuseet. Me var imponerte over kor fint det var der. Det var spennande for alle som var med. Nå lagar Sunniva lasagne til alle saman og snart er maten klar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: