Harbolympics og sånn

Mellom dei litt særare tinga familien har for seg er tradisjonen med ein idrettskonkurranse i Danmark. Årets øvingar bestod mellom anna av sprint på stranda, frisbeekasting, kulestøyt med bocciakule, limbo, pistolskyting og lengst uthaldenheit i 90-graders posisjonen.
I år klarte eg å forhandla meg til fritak i leikane. Barna måtte jo ha barnevakt medan alle dei vaksne via seg til idretten.
Sidan det var ganske blåsande på stranda og ungane fort vart kalde og leie av at ingen andre enn mormor hadde tid til å sjå på dei, begynte me ganske raskt på heimvegen. På grunn av barnevogna måtte me ta bilvegen frå stranda i staden for gangvegen gjennom sanddynene. Eg skuldar på at det var det som gjorde at eg klarte å ta feil av vegen.
Eg var heilt sikker på at det var bare å gå rett fram heilt til eg såg namnet på vår gate. Eg liker slike enkle reglar når det gjeld å finna fram, og stussa ikkje på at vegen virka lenger enn eg trudde. Etterkvart meinte eldstejenta at det var noko som ikkje stemde. «Mommor, æ me ikkje framme snart?» . Eg prøvde meg med at me var nok veldig nærme, og at me hrilt sikkert fann fram til slutt. Det siste er ein av mine meistringsmetodar når eg går meg vill, går ein lenge nok så kjem ein som regel til noko som ser kjend ut som ein kan orientera seg vidare frå. Fireåringen hadde ikkje tru på meg lenger. «Nei, mommor, dæ æ heilt feil, me komme alre heim igjen.» Eg fann ut at eg kanskje fekk prøva meg med meir teknologiske metodar. Med to ulukkelege gråtande barn stod eg i veggrøfta og prøvde å orientera meg via google maps. Då eg blei fortald at eg var 35 minutt frå ønska mål gjorde eg kort prosess og ringde til jentene sin far. Han hadde sjølvsagt oversikten og visste nøyaktig kor eg var når eg sa at me passerte ein campingplass for fem minutt sidan. Han kunne og opplysa om at kursen var veldig feil sett.
Me gjekk tilbake til campingplassen og venta på at pappa skulle henta ho som var trøytt i føtene og frykta at ho aldri meir kom heim. Etter ei grundig forklaring klarte eg å finna tilbake slik at den nå sovande minstejenta i vogna fekk gjort unna kvilen sin.

Og kkorleis det gjekk med Harboelympics? Eg kan avsløra såpass at dei «inngifta» toppa både dame- og herreklassen. Det vart delt ut medaljar kjøpte på bruktbutikkar i nærområdet, og alle var nokonlunde fornøgde.
Heidi