Gå til innhald

4.juli – Skagen

juli 6, 2022

I går kveld tok eg og Leif ein kjøretur til Skagen, ein av mine favorittbyar. Det er så fint med alle dei gule husa, med Grenen, havna og dei små koselege kafeane. Best av alt liker eg museuma, husa til Skagensmalerane og kunstmusea, men dit skulle me ikkje i går. Me ville bare nyta den fine kjøreturen dit og spasera litt i gatene i kveldssola.

Då me kjørde heimover, såg eg at tidspunktet passa perfekt til at me kunne svinga nedom Højen, Gamle Skagen for å sjå på solnedgangen. Eg visste frå før av at det var det ei strand med benker der folk samlar seg om sonmarkveldane for å sjå på solnedgangen.

Dessverre var det mange fleire enn oss som hadde same ideen, så langs solnedgangsstranda, utanfor solnedgangskjosken og i gatene rundt var det heilt umogleg å finna parkeringsplass.

Det ende med at eg hoppa ut av bilen og sende Leif på ein liten kjørerunde for at eg skulle få med meg ein liten smak av herlegdomen.

Ved stranda hadde det samla seg masse folk. Det bles kaldt frå havet, så mange hadde med seg ulltepper dei pakka seg inn i. Andre hadde kledd seg godt for å halda ut stillesitjing på ein benk. Eg tenkte at det kanskje var ein pensjonistaktivitet, men eg såg fleire småbarnsfamiliar med minsten i barnevogn. I solnedgangskjosken stod folk i kø for å kjøpa softis og varm drikke.

For meg vart det ei åtte- minuttsoppleving, og det passa ganske greitt sjølv om eg ikkje fekk sjå solskiva synka heilt ned bak horisonten. Eg hadde litt for lite klær i den kalde vinden og hadde ikkje med meg ullteppe.

Det er ein skikk eg har sans for å ta farvel med ein fin sommardag på denne måten. Eg har nostalgiske minne frå barndomens sommarbesøk hos besteforeldra mine på Bryne at bestemor, morfar, to onklar og eg pakka oss inn i bilen seine sommarkveldar for å reisa ned til sjøen og sjå på solnedgangen. I minnet kjennest det som noko me gjorde ofte, men i det verkelege livet kan det godt henda at det skjedde bare to eller tre gonger.

Då eg kom inn i bilen att var det godt å få på varmen i setet. Me fann ei speleliste med dansk musikk på spotify og høyrde på Kim Larsen og danske viser medan me kjørde tilbake gjennom det skumrande nordjyllandske landskapet. Det var så fint.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: