8.juli

For første gong i sommar har eg plassert meg på ei solseng innsmurt med solkrem. Eg har badehandkle og pute og to fine bøker eg kjøpte på salg i går. Den eine er ein antologi om dansk kunst og litteratur om danske landskap. Den andre ei bok om å veksa opp på Grønland på 70-talet. Eg har rukke å begynna på dei begge og begge to er fine.
Det er varmt og nydeleg ute når ein har sjansen til å finna seg ein lun plass slik eg har gjort i dag. Elles så bles det ein del slik eg reknar med at det nesten alltid gjer i dette låge marehalmdekte landskapet ytterst ved havet. Sånn sett er det ikkje så ulikt det me kjem i frå. På klessnora blafrar det klesvask, og me har det som husmødrene i barndomen kalte «goe tork».
Det er alldeles nydeleg her med marehalm og markblomar på alle kantar. Me har sett rådyr nesten kvar kveld, og dei heldigste av oss har sett hare. Det er så masse fuglar og fuglelydar at me av og til har lurt på om det er ein alarm frå ein av mobilane me høyrer. Fleire gonger har me sett store rovfuglar, den eine rett her ute, dei andre litt lenger unna.
To gonger har det banka på døra vår og det har vore to menn frå litt eksotiske yrke: Den eine var bassengreingjerar og ville inn og sjekka bassenget. Den andre hadde svarte hanskar og ein dress som det stod «skadedyrutryddar» på. Me har observert T det er utplassert din boks med eit spesielt lys som i følge påskrifta skulle skremma vekk rotter og mus. Eg trur boksen har hatt ønska effekt. Han spurde diskret om me hadde hatt uøska aktivitet på taket. Då me svara nei takka han like diskret for seg med eit stort smil mens han mumla «Så er alt bra.» Heilt i tråd med Novasol sin ønska opptreden for besøkjande skadedyrutryddarar, vil eg tru.
I går var heile fylgjet her i frå bortsett frå den yngste og dei to eldste i Fårup sommer land. Antakelsen frå foreldra var at dei som ikkje er to år endå med fordel kan venta litt med sånne parkar. I staden fekk ho ein roleg heimedag med mormor og morfar og ein liten tur til Hjørring med innlagt kafétur, bolle jus og leikeplass. Det er positivt å kunna melda at me i rollen som mormor og morfar framleis har eit visst takk på småbarnfamilielivet med tidlege morgonar og sprell levande dagar.
Ei veke går veldig fort, og etter ein lang frokost måtte me i dag vinka farvel til gjengen frå Oslo som hadde returbillett i dag. Me andre nyt ein siste feriedag før huset skal leverast tilbake i morgon føremiddag.
Eg og Leif blir igjen i Danmark når dei andre reiser heim. Planen var å sykla i Danmark saman med gode venner i nokre dagar. Dessverre fekk me beskjed i dag tidleg om at dei må melda pass på grunn av sjukdom. Me kjem til å sakna dei, men er klare til å bruka syklane aleine. Etterpå går turen vår vidare til Oslo, for me skal vera på streif lenge endå. Det er eg glad for. Sommarferiar har ein tendens til å gå alt for fort.
Så langt har første kapittel vore over all forventning. Det er noko av det gildaste eg veit å ha alle «ungane» rundt meg, og viss eg skal bedømma veka så har ho vore veldig fin. Eg er takknemleg for at me alle kom oss i veg og for at me har hatt det fint i lag.
Heidi