August

August
August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.
Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.
Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.
Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.
Einar Skjæråsen
***
Dette er det diktet eg bare må lesa og kjenna på kvart år når kalenderbladet skal vendast til august. Eg er einig med Einar Skjæråsen, august er noko av det mjukaste eg veit. Denne mogne månaden er ein av mine favorittar, men han kjem alltid i fylgje med eit visst vemod fordi det at me skriv august betyr at juni og juli er over for denne gongen. Min vane tru minner eg meg sjølv om at august er ein sommarmånad. I følgje årstidsinndelinga elevane lærer på skulen, så er sommaren dei tre månadane juni, juli og august.
Eg synest sommaren har vore fin. Dei tre vekene me var på reise hadde me frå heilt brukbart til veldig fint ver. Det var kaldt å koma heim frå Oslo til nordavind og regn på vestlandet. Det er vel bare å forsona seg med at sommar her like ofte er 14- 16 grader som frå 20 grader og oppover. Nokre av dagane i veka som gjekk har det vore ganske fint sommarver, og nokre av dagane har vore ganske kalde. Juli er vel tradisjonelt sett ikkje den månaden som me kan stola på har jamnt og varmt sommarver i vårt hjørne av verda. Det hender me må finna sommaren i å plukka markblomar og eta jordbær heller enn svetting på solsenga.
Noko av det som er positivt med at dagane ikkje bare er blå himmel og steikande sol er at det blir legitimt med litt innandørsaktivitetar og utan at ein føler ein går glipp av noko. I løpet av veka som gjekk har eg begynt å jobba med tekstar eg har hatt liggjande. Eg hadde ein slags tanke om at det kunne bli ei ny diktsamling i haust, men endå gjenstår det mykje arbeid, så me får sjå kor langt eg kjem. Det eg har kost meg med å gjera er å leita gjennom alle diktbøkene eg har skrive, og plukka ut eit dikt som passar for kvar dag gjennom eit år. Mange av dikta mine er naturleg knytta til ulike årstider, og eg har tenkt lenge at det hadde vore kjekt å ordna dei på den måten. Eg er nesten ferdig med noko som kunne bli ei slik bok, men eg er vel litt i tvil om kor vidt ho ville bli veldig salgbar. Kanskje eg gjer det likevel. Eg er sjølv glad i slike bøker og kalendarar der ein les ein tekst kvar dag. Eg trur eg ville skriva eit lite tillegg til kvar tekst med litt tankar om diktet. Me får sjå.
I Danmark var eg på gudsteneste og vart inspirert av fine sommarsalmar. Eg fekk lyst til å skriva ein ny norsk sommarsalme, og det har eg gjort, men framleis er eg ikkje sikker på om eg er heilt fornøgd. Kanskje eg legg teksten ut her når eg har gått ein runde til. Eg synest det har vore spennande å bruka bloggen som eit vindauge mot andre sine tankar og innspel.
Framleis er det att nesten to veker av skuleferien før me startar opp att med planleggingsdagar og før me stupar ut i oppstarten av eit nytt skuleår, noko som alltid er ein ganske travel prosess. I år skal eg for første gong på ganske lenge vera kontaktlærar for ein heil klasse. Det gler eg meg rett og slett veldig til.
Då eg starta som lærar for 37 år sidan kjende eg meg ganske uerfaren. Mange hadde teke eit år eller to i skulen for å prøva seg som lærar, det hadde ikkje eg gjort, eg begynte på lærarskulen rett etter vidaregåande. Eg trøysta meg med at sjølv om eg ikkje var spesielt erfaren, så ville elevane i det minste få den første kjærleiken min. Eg var så heldig at eg fekk nokre år som faglærar før eg fekk min aller første eigne klasse, og det trur eg var eit privilegium. Mange nyutdanna blir kasta rett ut i det å ha ansvar for ein klasse, og for mange er det ei sjokkarta oppleving. Ein del flinke nyutdanna lærarar får eit skikkeleg praksis-sjokk og ender med å finna seg andre yrkesbanar, og eg er overbevist om at mange av dei ville likt seg godt i skulen om dei hadde orka å gi det meir tid.
Då eg fekk eigen klasse for første gong tenkte eg at så glad kjem eg aldri meir til å bli i ein gjeng elevar. Det viste seg heldigvis å vera heilt feil. Det er som med eigne barn, hjartet blir bare litt romslegare med plass for endå fleire.
Etter at fleire som står meg nære har trukke seg ut av arbeidslivet, tenkjer eg mest av alt at eg er veldig priviligert som framleis har ein jobb eg er glad i, og at eg har oppriktig lyst til å jobba. Nå blir det nok kanskje siste gongen eg startar opp med ein klasse, og eg gleder meg til å gjera det så godt eg kan. I ein meir og meir digitalisert skulekvardag opplever eg mykje oftare enn før at eg treng gode kolleger som bare veit korleis ein får logga seg inn der ein har behov for å logga seg inn, og som har gode råd når PC-en eller iPaden på forunderleg vis låser seg eller ikkje fungerer etter intensjonane. Heldigvis er det andre ting eg kan hjelpa dei med. Og viss eg kjenner meg ein liten smule forelda og «underdigitalisert» så får eg tenkja denne gongen at det kanskje er desse elevane som skal få min siste kjærleik som lærar. Eg reknar det som ganske sannsynleg at eg kanskje fortset endå nokre år som lærar etter at dei går over i ungdomsskulen om tre år, så ein skal aldri seia aldri.
Eg har i grunnen ikkje brukt krefter i det heile tatt på å tenkja på pensjonistlivet og når det eventuelt skal koma, men nå når Leif har bestemt seg for å slutta, så får eg stadig spørsmålet om kor lenge eg skal halda på. Eg reknar ikkje med at eg hadde kjeda meg eit einaste sekund som pensjonist, men framleis er eg altså glad for det privilegiet det er å vera i ein jobb ein trivest med. Eg får tenkja på det eg nettopp skreiv, august er også ein sommarmånad.
God august til alle gilde lesarar som har lese seg gjennom denne lange teksten og har havna her.
Heidi