Gå til innhald

Tolmod og lengt

juli 30, 2022

Om sommaren blir det alltid litt ekstra tid til å lesa, og det å leita i bokbutikkar i utlandet er ekstra spennande. Så sant eg er i stand til å lesa og forstå språket, så vil eg helst lesa boka på det språket ho er skriven på. Ein av dei stadane me gjekk ut med ein tung bokpose var frå bokhandelen på pilgrimssenteret i Vadstena. Og ei av bøkene der tittelen i seg sjølv nesten kunne forsvara eit kjøp var boka «Tålamod och längtan» skriven av Joel Halldorf, (som er son til Peter om nokon skulle lura på det.)

Boka er stila til vennene hans, dei som i studietida var brennande engasjerte i kyrkjelege samanhangar, og som nå prøvde å balansera trua si inn i ei ny livsfase med jobbar, barn, huslån og nye kvardagar.

Sjølv om eg forsåvidt var i den livsfasen for meir enn tretti år sidan, og på den måten kanskje ikkje er i primærmålgruppa, så bestemte eg, etter å ha bladd i boka, at ho skulle få bli med meg heim.

Eg synest forfattaren skriv klokt og reflektert om dei store spørsmåla i livet, og at ein del av tankane er høgst relevante for menneske av i dag uansett kva dei trur på.

Han har skrive eit kapittel der han reiser spørsmålet om livet er ei forteljing eller eit prosjekt. Eg er klar over at nå er eg på litt tynn is når det gjeld kjeldebruk, så eg ber deg som les sjå litt stort på at eg reflekterer over forfattaren sine refleksjonar. Om du lurer på kor hans refleksjonar sluttar og mine begynner må du enten spørja meg eller lesa boka…

Halldorf reiser spørsmålet om livet er ei forteljing eller eit prosjekt. Kanskje mange av oss tenkjer livet som eit prosjekt med ulike prosjektfasar, planlegging, gjennomføring, undervegsevaluering og avslutning, helst med å konkludera med at prosjektet er å rekna som vellukka med oppnådd resultat og mål.

Ei forteljing er noko meir usikkert. Alle veit at eventyr oftast ender godt, men det finst og tragediar og triste historiar. Kanskje det krev mot å vita at livet vårt har usikkert innhald og usikker slutt. Kanskje klamrar me oss for mykje til tanken på livet som prosjekt, men det kan og gjera oss meir rigide. Kva gjer me når noko oppstår som ikkje er med i prosjektskissa? Det kan vera sjukdom, arbeidsløyse, ein overraskande graviditet, ei forelsking, noko som brått endrar tenkjemåten din, eit menneske som uventa snublar inn i livet ditt og endrar deg… Lista er uendeleg lang, eg kan jo nemna noko som få av oss forventa for fem år sidan: ein pandemi.

Dersom me først diskuterer sjangrar for korleis me ser på livet, så er kanskje noko av det som liknar mest på vår situasjon å tenkja at me har fått kvar vår rolle i eit stort teaterstykke. Me kan til ei viss grad styra vår eiga rolle, men me har ikkje regien på stykket. Vår eiga rolle er vevd tett saman med alle dei andre karakterane som er med. Å tru at me kjører eit sololøp gjennom livet ville vera eit stort sjølvbedrag. Mennesket er eit sosialt vesen og eit flokkdyr, me påvirkar kvarandre heile tida og vår skjebne og våre val påvirkar liva til alle dei me lever tettast på.

Dette er sjølvsagt ikkje nytt eller overraskande, men for meg var det litt spennande å dvela ved desse tankane.

Vågar me å innsjå at prosjektet livet har mange usikre faktorar, og vågar me å godta tanken på at me ikkje veit korleis vårt livsprosjekt vil enda før andre har sett punktumet?

For dei som trur på Gud er det sjølvsagt ei slags trøyst å tenkja at livet på eit eller anna plan er i Guds hender og Guds omsorg, men det å vera menneske krever mot uansett.

Sjølv tenkjer eg vel kanskje at det er vel og bra å leggja planar og søkja det som er trygt, men tenkjer likevel at det å våga å tenkja at livet får me møta ein dag om gongen og stola på at som dagen er skal styrken vera.

For å ta eit lite sidesprang frå hovetråden i teksten min, så har eg eit anna tankevekkjande element i late, og deilig langsame feriedagar. Eg får med meg radioprogrammet «Sommar i P2». Som oftast lyttar eg til det digitalt når eg har litt ledig lyttetid. Det er herleg befriande å lytta til så mange ulike personar som gæt lov til å fortelja livshistoriane sine på den måten dei sjølve vil utan å bli avbrotne. Eg synest me alle skulle bruka meir tod til å lytta på kvarandre. Det et rett og slett til å bli klokare av.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Hyggelig å plutselig komme innom bloggen hos deg, – og ha følelsen av at her er det mer enn en ting felles. Jeg vil lese mer hos deg 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: