Pilgrimar i sommarregn

I går fekk eg lov til å reisa ned til den gamle Orrekyrkja for å lesa dikt for pilgrimar som er på vandring langs jærkysten. Det er alltid spesielt å koma inn der. For meg er det spesielt at det var her Ingrid gifta seg for fem år sidan. Fordi Oddvar er frå Orre fekk dei lov til å bruka denne gamle kyrkja som ikkje er så mykje i bruk lenger. Det er og spesielt at ho ligg rett i havgapet omgitt av jærsk natur og kultur på alle kantar. Sidan oldefaren min kom frå Erga, går eg ut frå at mange av mine forfedre er blitt døypte, konfirmerte og gifte her.


Dette med pilgrimsvandring synest eg og er veldig fint. Kanskje eg melder meg på denne årlege turen ein gong, men då må eg vera såpass trent at eg veit at eg orkar å gå fleire mil til dagen mange dagar i strekk i eit tempo som gjer at eg ikkje er den alle må venta på heile tida.
Me fekk i alle fall vera med på ei kort pilgrimsmesse med nattverd, og eg las salmer og dikt med godt tonefylgje frå ein organist.
På måndag regna det noko heilt forferdeleg heile dagen, og eg tenkte på dei som var ute og vandra. Enten dei var rogalendingar som til ei viss grad er vane med slikt eller langvegsfarande som i beste fall opplevde det som litt eksotisk fekk dei frykteleg mykje ver den dagen. Av og til går det ikkje ein gong an å kle regnet ute med gode regnklær, og det trur eg dei opplevde på ferda si langs havet.
Eg bestemte meg derfor for å leita fram den gamle songen eg har skrive om å stå ute og bli våt i sommarregn, slik at eg kunne lesa teksten opp for dei som kom.
Å bare stå i sommarregn
Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.
*
Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.
*
Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.
*
Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.
*
Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.
Heidi
Dette er ein tekst eg skreiv for lenge sidan, og som eg er glad i fordi eg framleis kjenner at eg har lagt noko av sjela mi inn i han. Songen vart i si tid skriven som ein del av ein korkonsert. Sigvald Tveit laga ein melodi som skulle passa som soloparti for ein vaksen songar. Eg trur det var Eir Inderhaug som i si tid framførde han aldeles nydeleg. Seinare har eg aldri høyrt han framførd, og det er jo litt trist. Eg trur kanskje melodien var ganske krevande. Eg har derfor vald å gje teksten vidare til ei som skal prøva å laga ein alternativ melodi. Heia Silje.
Den siste veka har eg fått brukt mykje tid på å skriva, og det har vore veldig fint. Dagane har stort sett vore fylde med ein kombinasjon av skriving, litt husarbeid, eit sosialt treffpunkt med barnebarn eller andre fine folk, litt strikking og ein liten gåtur ut i naturen. Slik liker eg å ha det, og det kan nok koma vel med med litt rolege dagar før det brakar laus for fullt på jobb om ikkje så veldig lenge. I dag skal eg ut og eta lunsj med syster mi, det gler eg meg til, og i kveld kjem Sunniva heim på eit lite seinsommarbesøk. Det gler eg meg og veldig til. Ha ein fin dag du som les dette og.
Heidi