Gå til innhald

Om å avslutta ein sommarferie

august 11, 2022

«Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten, og at en kveld i august var den første, besynderlig duse kjenning av land».

Einar Skjæråsen

*

Skuleferien for lærarar fekk ei fin og verdig avslutning med ein sykkeltur i det finaste seinsommarveret som tenkjast kan. Me tok ferge frå Finnøy til Helgøy, og frå der via mange bruer sykla me Sjernarøyrunden over fleire av Sjernarøyane. Det var så fint. Terrenget var meir kupert enn eg hadde trudd, så eg må innrømma at eg var takknemleg for litt batterihjelp i dei mange motbakkane. «Dokker juksar, dokker har moootooor,» vart det muntert ropt til oss fleire gonger når me trakka oss forbi medsyklistar som måtte leia i dei brattaste motane. Nokre plassar var det så vidt me kom oss opp sjølv på første gir med elsykkel, så litt trim vart det då på oss elektrifiserte og.

Me sykla gjennom Alfred Hauge sitt barndomsrike og eit landskap han har skrive mykje om som vaksen. Det minde meg om kor begeistra eg var for Alfred Hauge sine bøker i si tid. For sånn rundt rekna førti år sidan slukte eg alt eg kom over, og ein del år seinare las eg sjølvbiografiane hans med stor interesse. Eg trur eg må ordna meg eit gjensyn av bøkene. Eg har sett med andre bøker at ein skifter synsvinkel på ein del ting når ein les frå eit anna utkikkspunkt i livet.

Røsslyngen blømde allereie vemodig vakkert i rosalilla og raunbæra raudnar på trea. Framleis bugnar det av markblomar, og lukter av høy og slått gras og jord tok meg tilbake til barndomen. Frodige naturlandskap og havet rundt på alle kantar, dette er verkeleg ein tur eg kan anbefala. Eg torer nesten å påstå at når veret verkeleg slår til i august, så er det ikkje mange stadar det er vakrare enn i heimfylket mitt, Rogaland.

Den siste veka med ferie har vore fin. Sunniva kom heim sist helg, og med det fulgte mykje familietid med Stavangertur, spelekveld og stor familiemiddag. På laurdagen rakk me og å feira Torhild sin 60-årsdag og koronaforsinka feiring av Per Magne og av deira felles 40-års bryllupsdag.

Eg har og fått hkelpa Torun med og bera ut mor hennar sine eignedelar frå sjukeheimen der ho budde den siste delen av livet sitt. «Sorgen og gleden de vandrer til hope», det siste vart understreka av at Torun vart mormor for andre gong så å seia samtidig med at mor hennar pusta ut for aller siste gongen.

Og elles har me plukks rips og stikkelsbær og ete lapskaus heime hos mor og far, sett Elvis-filmen på kino og feira Gunnar sin gebursdag med kaker og kaffi i hagen hans. Gode greier alt saman.

Nå får eg og tusen andre lærarar stramma oss opp, spissa blyantane våre og gjera oss klare til dåd. Det blir nok fint det og. Til hest, Napoleon, og til rors Columbus.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: