Om å starta eit skuleår

Dei to siste vekene har nesten i sin heilskap gått til det å starta opp eit skuleår. Det er litt som å skapa verda på ny, det er så mange system som skal opp og gå, og så mange tannhjul som skal treffa kvarandre på rett måte om kabalen skal gå opp. Det siste gjer han forresten aldri heilt, bare nesten. Det er alltid eit og anna som ikkje blir heilt optimalt fordi det bare ikkje går i hop, dette puslespelet er nemleg ikkje laga slik at nokon veit at alle brikkene passar slik at det til slutt blir eit fullkome og glansa bilete. Likevel får me det alltid til på eit vis. Ein skule er ikkje ein arena for det å skapa det heilt perfekte. I staden lever me med det litt skakke, me retter det opp så godt me kan, og til slutt synest me i beste fall at det fungerer godt.
Biletet over er frå elevane sin første skuledag. Då eg begynte min aller første jobb som lærar på ein skule i Grorud-dalen kom nesten alle elevane til skulen med blomar i hendene. Eg trudde dei var til lærarane, men det viste seg at tradisjonen på den skulen var at elevane sette blomane på sin eigen pult i eit syltetøyglas med vatn. Slik stod dei den første veka heilt til dei visna. Det var fint. I mange år praktiserte eg, inspirert av dette at eg fekk lov til å forsyna meg grovt i hagen til onkelen min ettermiddagen før skulestart. Der blømde det nemleg på ein heilt annan måte enn rundt huset mitt. Så reiste eg opp til skulen og fylde klasseromet med blomar før elevane kom. Det var og veldig fint. Etterkvart fekk me mange elevar som var allergiske for både det eine og det andre, og då var ikkje eit klasserom fylt med blomar optimalt lenger. På biletet kan ein sjå at blome-tettleiken er teken ned til eit nokså beskjedent nivå etterkvart.
Dette året var det spesielt for meg å starta fordi eg har vore spesialpedagog og timelærar i ein heil del år, og skulle for første gong på lenge ta i mot min eigen klasse som eg rett og slett skulle vera kontaktlærar for. Ungane kjende eg jo frå før, og dei gleda eg meg veldig til å sjå igjen. Å møta dei første skuledag var rett og slett hjartevarmande. Eg gler meg til den tette relasjonen eg skal få lov til å stå i med desse fine ungane. Det er det aller, aller finaste med å vera lærar, å få leva tett på barn og å få lov til å vera ein vaksen på sida av dei i ein lang periode av barndomen deira. Me har hatt ein veldig fin oppstart. Det er slik at det å vera i dei første skulevekene overskuggar det meste av alt anna liv i denne perioden. Eg høyrde om ein lærar som konsekvent sa nei til alt sosialt samver og alle formar for møte frå skulestart og ut august. Eg forstår korfor ho gjorde det for å seia det slik, men sjølv har eg vore så heldig å få med litt anna og.
I går feira me at yngstebarnet fylde to. Gebursdagsbarnet var som ei solstråle og tok forundra i mot alle pakkane og all merksemda som ho nok ikkje heilt forstod grunnen til. Ved hjelp av ei meir rutinert storesyster fekk ho av gavepapiret, oia seg over kor fint alt saman var og bles ut lysa på opptil fleire kaker. Ho skal feirast i fleire rundar, men sidan morfaren til jubilanten skal ut og reisa veldig snart måtte me passa på å eta kakene før han hadde reist. Tida med små barn rundt seg går ufatteleg fort. Det er rart at ho er to år alt, det vesle koronabarnet vårt som nesten ikkje visste at verda eksisterte utanfor barnevogna og nokre ganske få stover.
I dag har eg gått ein tur i augustregn og registrert med eit visst vemod at blada på trea så smått har begynt å skifta farge og at det har begynt å visna litt i grøftene. Sta som eg er så hentar eg fram honningstemmen og fortel meg sjølv at det framleis er sommar i nesten ei veke til, og etterpå er det veldig tidlig på hausten i nokre veker, og det kan vera omtrent det same som sommar. Om ei vekes tid kan eg forsiktig begynna å kviskra meg sjølv i øyret at hausten og er ei veldig fin tid, men det er eg ikkje heilt klar for endå.
Ha ein framleis fin seinsommar, alle saman.
Heidi