Gå til innhald

Luke 2 – 22

desember 2, 2022

Så fint kan det vera langs jærkysten ein sein desembermorgon.

Turar med tog begynner mentalt i det eg kjem meg inn på toget med ferdig pakka sekk eller koffert og innser at eg verkeleg kjem til å koma meg i veg, at eg har nådd toget, at eg ikkje har fått korona, og at toget ikkje er innstilt.

Etter det som alltid blir ein travel siste innspurt, er det heilt nydeleg å setja seg ned i eit sete og vita at her skal eg sitja i sju timar med bøker og strikketøy og ikkje ei einaste forplikting.

Om ein til og med har vore heldig nok til å få eit vendbart sete slik at ein får reisa rett veg heile strekninga, så er det bare å lena seg tilbake og nyta livet. Skulle ein trenga meir underhaldning, så er det alltid ein underhaldande samtale eller telefonsamtale ein kan smuglytta til på ein litt diskret måte…

Desemberlyset er fint, både når dagen lysnar, på det aller lysaste og når blåtimen kjem tidleg på ettermiddagen.

Nå er me vel framme hos Eva Mari og Henrik på Haslum. Langsamt går det opp for meg at nå har eg ferie. Det er ein underleg følelse.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget