Luke 1 – 22

Med ein barneteikning frå klasseromet opnar me luke ein i adventskalendaren for i år.
Nå er eg skikkeleg ute av trening, for i haust har det blitt få ord på bloggen. Dersom nokon lurer på kor eg har blitt av, så har eg hatt den travlaste lærarhausten i heile mitt lærarliv. Det skal seiast
i same utpustet at eg har hatt det utruleg fint. Eg er så glad og takknemleg for at eg får vera kontaktlærar for 20 fantastisk fine tiåringae og skrivelærar for to skrivegrupper i kulturskulen.
Viss alt går etter planen skal eg nå gjera noko som eigentleg kjennest heilt uhøyrt. Eg reiser frå glitter, filt, englar og advent i skulestova for å gjera noko heilt anna. Eg har ei seniorveke eg bør få brukt før årsskiftet, og nå har eg og pensjonistmannen min pakka ryggsekkjer og koffertar for å dra på førjulstur til Oslo, Bærum og Stockholm. I morgon tidleg set me oss på toget og legg ut på eit adventseventyr.

Før eg reiser har eg passa på å få med meg ein klassisk lettare kaotisk juleverkstad, tenning av batteridrivne adventslys, ei øving med barnekoret og førebuingar til julegudstenesten. Eg har med andre ord smakt på adventskvardagen før me reiser, og meir skal det heldigvis bli når me kjem heim.
Og nå gjenstår siste rest av pakkinga… Eg trur det får bli i morgon tidleg.
Heidi