Gå til innhald

Luke 3- 22

desember 3, 2022

I fjor var eg og Eva Mari på ein veldig koseleg julemarknad på folkemuseet på Bygdøy. Den gongen var det superidyllisk med snø, kuldegrader, bål og musikarar mellom bodene. Sidan me var i byen same helga som marknaden opna, bestemte me oss for å gjenta suksessen.

Me tok bussen fordi det var veldig kronglete å parkera sist me var det. I dag viste det seg å vera kø inn mot Oslo, så det gjekk ganske seint innover. Bussjåføren sa at det raskaste var å byta buss på Sjølyst, så det ville me gjera. På grunn av vegarbeid fann me ingen busstopp, så det ende med at me gjekk siste biten til fots. Det oppe møtte me Sunniva som var komen frå Tøyen for å vera i lag med oss. Det viste seg å vera veldig mange som hadde hatt same plan for dagen som oss, så det var ganske tett med folk overalt. Det er alltid kjekt å gå på marknad, og litt fekk eg handla med meg heim. Noko havnar under treet på julaften og noko blir bursdagspresang. Det andre, varm sjokolade med chili og nybakte nordlandske tjukklefser, skal me setja til livs i løpet av helga.

Me vurderte å eta graut eller nysteikte lappar på marknaden, men det var så lange køar at me i staden pressa oss inn på ein veldig full buss som tok oss til sentrum der me åt gode salatar på «Lett».

Eg blei med Sunniva opp til Tøyen der Trygve hadde fyrt i peisen og kokte kaffi til kakene me hadde kjøpt med oss frå byen. Halvard kom og innom ein tur.

Etterkvart begynner det å bli synleg at me ventar eit nytt lite barnebarn i begynnelsen av april. Denne gongen blir det ein liten gut som kjem til å bu i Oslo, så nå får me prøvd oss som «langdistansebesteforeldre». Me gler oss veldig i lag med Sunniva og Trygve. Han kjem til å få fantastisk fine foreldre, den vesle som skal koma.

Eg har himmelblått garn på strikkepinnane og strikkar ein liten ulldress. Eg trur ikkje alle har tenkt på kor mange tankar, håp og bøner det ligg i maskane i eit gjennomsnittleg strikketøy.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: