Gå til innhald

Luke 11 – 22

desember 11, 2022

Bak luke 11 skjuler det seg eit kansellert tog og ein tur som ikkje vart som forventa.

Alle veit at om alt er idyll så blir resultatet litt for sukkersøtt. Det denne adventsbloggen trengte nå var at noko, eit eller anna gjekk sånn passe gale. Ei toghistorie det alt gjekk på skjener heile tida er ikkje mi erfaring med toglivet, så korfor skulle eg og lesarane forventa at det gjorde det denne gongen?

Me hadde billett frå Oslo S, men med glatte vegar, litt snø og ekstremt mykje bagasje bestemte me oss for å be Henrik kjøra oss til Lysaker stasjon så kunne me smetta på toget der i staden.

Som tenkt så gjort. Nedlessa med bagasje stod me på Lysaker stasjon i god tid og med god meistringsfølelse og gleda oss til å setja oss på toget med bøkene våre og kaffi på termos. Då møtte blikka våre lystavla på biletet.

Som vanleg var det ingen betening på Lysaker stasjon, så Leif sprang for å finna staden for å venta på buss for tog. Der fann me tre andre reisande. Ein med langt hår og lang flette i skjegget som røykte frenetisk på el-sigaretten sin, ein ivrig mann på vår aldet med skjegg og ryggsekk og ein sørlending i losjakke. Det viste seg at alle saman eigentleg hadde billett frå Oslo S. Me var redde at bussane for tog ville droppa Lysaker stasjon sidan ingen hadde billett der i frå, og sidantogselskapet garantert ville spara tid. Dessutan har eg opplevd å bli fråkjørt det ein gong før av same grunn og i same situasjon…

Det utvikla seg eit interressant teamarbeid. Leif ringde Oslo S for å seia at dei måtte be bussen kjøra innom stasjonen, noko som viste seg å vera alt anna enn lett. Det vanskelegaste var å koma gjennom og få svar. Sørlendingen fann ut at det ikkje hjalp å satsa på neste tog, for det var heilt fullt, og han med skjegg og ryggsekk sprang opp på vegen og skulle prøva å vinka bussen med til oss når han kom forbi. Han med flette i skjegget fortalde om alle erfaringane med buss for tog og eg skiftevis maste om alt me burde gjera og heia på dei andre.

Me kom oss inn på buss nr to som kom forbi. Det var ein toetasjars buss med god plass på toppen. Me fekk vita at toget skulle gå frå Kristiansand. Me oppdaga at me var på same buss som Gerd og fekk hyggeleg selskap og smaksprøve på heimelaga potetkake med brunost. Så langt var busslivet behageleg og koseleg.

På grunn av insideinformasjon frå to togtilsette på sida av oss var me førebudde på at det blei buss vidare og. Dei som hadde kvidd seg for å bruka bussdoen og venta til dei kom på toget fekk ei ubehageleg overrasking då dei kom på ein ny buss, denne utan toalett. Det måtte leggjast inn ein improvisert dopause på ein bensinstasjon. Dei av oss som hadde tenkt å kjøpa mat på toget vart og ganske svoltne etter ein lang tur utan tilgang på mat, men heim kom me, sjølv om vegen var svingete og bussen var stappfull. Bussjåføren som fortalde at han heilt uforberedt vart send ut på langtur underhaldt oss med jamne mellomrom og fekk alle til å le.

Tidlegare erfaringar med slike turar er at nokre passasjerar tek det som ei fornærming og eit tilsikta komplott mot dei personleg når ting går gale. I dag var det få sure miner å spora sjølv mellom dei som hadde stått på ein liten stasjon i førti minutt og frose utan skikkeleg informasjon om kva som skulle skje Eg trur konklusjonen må bli er at folk flest taklar uforutsette ting på strak arm. I den store samanhengen er eit kansellert tog ein bagatell. Det føles bare ikkje slik i det du står det med kofferten og les dårleg nytt på lystavla.

Pasjonerte ttogpassasjerar kan like godt øva seg på Askeladdmetoden jo før jo heller. Den går ut på å fortelja seg sjølv fylgjande: Dette går ikkje som planlagd. Det blir heilt sikkert interessant.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: