Luke 23 – 22

Dagen som på lokalt tungemål heiter Litla julaftå har vore stappfull av hendingar og små og store gjeremål.
Etter frokost med dei to yngste la me ut på ein liten turne for å levera julehelsingar. Veret var heilt nydeleg, sånn blått lys som me har på dei aller mørkaste dagane i året når me er så heldige å ha klarvêr.
På turen var eit av delmåla Hafrakhagen der Torhild og Per Magne har slått seg til. Ho var så fin med blinkande lyspæresmykke at ho måtte få pryda bloggen i dag.
Me har pynta juletre med barnebarna og ete grøt med mandel med alle etterkomarane. Eg og Sunniva var ute i kveld og handla inn endå meir til storfamiledagen på annan dag. Så nå er me rimeleg trygge på at folk skal bli mette.
I kveld har eg hanka inn siste del av baksten, steikt krumkaker og pynta peparkakefigurane med melis, smarties og kakepynt. Det er så velsigna fredeleg å jobba ein time og to etter at alle andre har lagt seg.
Eg har lagt merke til at både mange av julebreva og mange eg har snakka med har brukt det same ordet : «takknemlighed», eller takksemd som det heiter på godt nynorsk. Kanskje det i skuggen av alt som er vanskeleg akkurat nå, har gått opp for oss på ein ny måte kor godt me har det òg kor mykje me har å vera glade for og takka for? I så fall ville det vera fint.
Heidi