Første dagen i mai

Kan det la seg gjera å samla saman ein maiblogg i år og? Det går me for, eg liker ikkje å bryta godt påbegynte livsprosjekt…
I år går eg inn i denne kanskje finaste månaden på den kanskje finast moglege måten: med eit nyfødd barnebarn i armane, denne gongen ein nyfødd liten gut.
Han kom første påskedag, så han har fått nokre veker på nakken, men veldig ny, det er han framleis. Eg var så heldig at eg var i Oslo-området då han vart fødd og fekk helsa på han med det same, men morfaren, som var ute og reiste hadde ikkje møtt han endå. På torsdag kveld heiv me oss på nattoget og var framme på Tøyen i tida for tidleg frokost, og for eit gjensyn med han eg hadde lengta etter dei siste vekene.
Eit lite hovud mot skuldera mi og ein liten kropp mot handflatene. Eit lite menneske som lukter nyfødd barn, som geispar, gryntar, strekkjer seg òg skjer grimasar. Nokre av dei kunne minna veldig om smil dersom det ikkje var alt for tidleg for den slags.
Mormor får lov til å stella, vaska og smøra. Dei første klesplagga er alt i ferd med å bli for små. Mjølka flyt og alt er såre godt og såre levande. Foreldra er trøytte og glade etter alt for lite søvn og alt det nye ein plutseleg har ansvaret for og må ordna opp i.
Morfar kjører barnevogn i botanisk hage under blømande japanske kirsebærtre, sprettande bjørker og kastanjetre med nyutsprutne små paraplyar av komande blad. Mormor går på strikkemesse og kjøper brunt garn og oppskrift på bamselue fordi luene hans er alt for store.
Nyfødd-lua veks fram på ein kveld og ein føremiddag, bittelita, nesten ikkje stor nok til å dekkja øyrene. Ho held nok ei veke eller to, så får det bli ei ny litt større.
Mormor sine strikkepinnar er fulle av maskar. Maskane er fulle av kjærleik, håp og bøner for alt som skal koma av dagar, veker år og liv. Heldige oss som får oppleva dette. Var det ikkje eit år eller ei veke sidan det var oss som stod det og var nye foreldre. Det går ufatteleg fort å leva og å sjå slekt følgja slekters gang.
Me har hatt fine dagar i storbyen og hatt det godt hos Henrik og Eva Mari. Nå skal me til den nye vesle familien og eta lunsj saman med onkel Halvard før det blir ettermiddagstog heimover.
Ryktet seier at det sluddar ute… Men våren kjem nok snart tilbake. I går var eg og Sunniva ute og vandra med barnevogn i sola. Me rakk til og med besøk på kafé før tålmodet til han i barnevogna tok slutt.
Velsigna vere livet. Mai blir ein travel månad, men eg skal nok rekka å få skrive litt. Velkomen til å slå fylgje gjennom ord og hendingar.
Heidi