Babysmil og rabarbrapai

Mai er tida for nytt liv. For oss dette året er det bokstaveleg talt tida for å nyta eit nytt lite menneske og. Eg hadde høyrt rykte om at det var heilt ekte smil på gang hos han som var fire veker på sundag. Eg hadde bedd om dokumentasjon, og i dag då eg sat i sofaen i samtale med seks andre damer ein lys tysdagskveld i mai, tikka det inn både smilebilete og smilevideoar på ein familiechat me har på messenger.
Alle som har opplevd det veit kor fantastisk det føles første gongen eit nytt menneske ser deg inn i auga og held blikket ditt fast før det vesle ansiktet opnar seg i eit stort smil. Det er faktisk så flott at det gjer sterkt inntrykk til og med på eit bilete på mobilen, spesielt dersom ein er over gjennomsnittet kjenslemessig engasjert i dette vesle mennesket som ligg der og smiler.
Eg skulle eigentleg sjekka noko anna, noko me snakka om akkurat då, eit namn me hadde gløymt, men eg såg eg hadde fått varsel og måtte kikka inn på familiestaden vår. Mitt eige ansikt begynte og å smila heilt av seg sjølv. Eg begynte til og med å le høgt, og eg gløymde å dempa lyden for babylydane på filmen. Det ende med at eg måtte senda mobilen med smilet rundt bordet, og alle smilte tilbake. Noko som nesten fekk meg til å begynna å gråta av rørelse var eit bilete av mi eiga dotter som smilte eit nesten overjordisk, stolt og rørt mammasmil ned til det smilande spebarnet.
Kvelden var perfekt for eit første babysmil. Ute var det lyst og me hadde utsikt over havet. Me hadde ete sesongens første rabarbrapai som smakte så godt at elles taleføre damer vart sitjande andektig stille med smaken av ein ny sommar i munnen. Me hadde snakka om kor rart det var at snart var det største tabuet reint samtalemessig å snakka om religiøs tru. Ein av oss hadde høyrd eit radioprogram der ein stemme hadde sagt at ein ikkje burde snakka med andre om si eiga religiøse tru fordi det kunne virka invaderande og klamt på samtalepartnaren. Kanskje nokon til og med kan føla seg krenka over å bli invitert inn i religiøse samtaletema?
Det er vel noko nesten religiøst over eit babysmil, i alle fall i ordet sin vidaste forstand. kanskje ein kan utrrykka det omtrent slik:
Det finaste i livet,
himmelen ein kveld i mai,
havet i skumringa,
varm rabarbrapai med vaniljeis,
å kunna møtast i ein samtale,
det første babysmilet.
Stor kunst er nok ikkje dette spontanskrivne nesten-diktet… Men det er då noko vakkert med det…
Heidi
(Som skulle ønska ho kunne leggja ut dei aktuelle bileta på bloggen, men slikt gjer ein ikkje utan lov. Biletet fekk bli malt med ord i staden.)