Gå til innhald

Det finaste klatretreet på Bryne

image

Me har eit fint uteområde på skulen der eg jobbar. Det aller vakraste er dei japanske kirsebærtrea når dei blømer. Det gjer dei nå. Eg har tru på å la ungar få ha det vakkert rundt seg.

Arbeidsdagen har vore lang. Etter undervisninga hadde eg først ein utviklingssamtale og så hadde eg sett av fire timar til individuelle samtalar med elevane på skapande skriving om tekstane dei har laga til boka vår. Framleis står det att ein del arbeid før boka kan gå i trykken, men det nærmar seg :).

Lenger tekst enn dette vart det ikkje til til i dag, men nå er det snart ny langhelg…

Heidi

Collage

Det er for seint til å skriva, men her er bileta  me laga i kveld. 🙂

image

 

Kirsebærblomdagane

image

Alf Prøysen syng om «Blåklokkevikua», som er den veka når blåklokkene blømer, eller som eg nettopp las på nettet dei rolege dagane i pausen mellom slåttonna og skuronna der travle bønder og onnefolk hadde sjanse til å det ein anelse meir med ro.

Blåklokkevekene er ikkje her endå, men akkurat nå er det kirsebærblomdagane… Desse få dagane, kanskje ikkje ei veke ein gong der kirsebærtreet står kvitt av blomar. Me har eit alt for stort kirsebærtre til den vesle flekken av ein hage me har, men på grunn av desse dagane kvart år, så har me ikkje klart å kvitta oss med det så langt…

Veret, som gjekk frå vinter til sommar sånn omtrent på torsdag, eller kanskje det var fredag, har vore like fint i dag og. Alt er så vakkert ute. Elevane som var pakka inn i fleire lag med ull og ytterjakkar for ei veke sidan kom i sandalar, shorts og sommarkjolar i dag, og plutseleg tok det nesten ingen tid å kle på seg i det heile tatt.

image

Eg har vore på styremøte på det som er omtrent den finaste staden eg veit om. I dag var det vakrare enn nokonsinne med blå himmel, gule løvetenner, grønt gras, steinstrender, steingardar og det store opne havet.

Det som kanskje gjorde størst inntrykk på meg av alt eg gjorde i dag var nokre kveldstimar i kyrkja der Monika, min flotte tidlegare kollega fortalde om si trusreise gjennom kreft og kreftbehandling og om korleis ho heile tida hadde det som overordna mål at ho var i sin omsorg og at ho var trygg der. Nå er ho frisk att. Ho var open om at truande nok kan oppleva slike livskriser på veldig ulike måtar, og at ingen måte å reagera på er feil eller vitnar om ei svak tru. Det ho ville fortelja var at for akkurat henne hadde trua vore ei umåteleg kjelde til mot,håp, tryggleik og kvile.

Det var så fint å høyra på. Me er alle forskjellige, og eg er svært usikker på om eg kunne ha sagt det same som Monika etter å ha opplevde det same. Uansett så var det ei sterk personleg historie om kor godt det kan vera, og kor viktig det er å ha himmel over livet sitt.

Heidi

 

Bilde

På veg heim

imageNå er eg trygt på toget på veg tilbake etter ei fantastisk fin mai-helg i Oslo/ Bærum. I dag har me og hatt full sommarvarme, eg hadde ikkje fantasi til å tenkja at det skulle bli sommar etter nokre vasskalde veker med vinterjakken på, så på fredag måtte eg kjøpa meg tre nye T- skjorter. I dag hadde det vore bikinivær dersom eg hadde for vane å kle meg i denslags… Det får vera sprekt nok at ei av t- skjortene har Mikke Mus- trykk…

Eg og Eva Mari hadde store planar om filmkveld i går, men sidan me begge sovna framfor skjermen etter ca eit kvarter, så gjorde me eit nytt forsøk i dagmorges. Filmen var veldig fin, og kan anbefalast: «En kongelig affære,» ein dansk film om den lettare tilbakeståande kong Christian, kona hans og livlegen deira Struense. Historien var fengande fortalt, skodespelarane glitra i rollane sine og filminga var vakker og estetisk.

Nå sit eg her på toget og kikkar ut på landskapet som er kledd til sommar i løpet av dei fire dagane som har gått sidan eg var her sist. Det er som om naturen har rykka fram sånn ca ei årstid.

Eg har godt selskap i ei bok eg har med meg: «Pusteproblem» av Merethe Liabø. Den kan eg og godt anbefala.

Heidi

 

8.mai 2016

Eg vakna til nydeleg sommarver på Haslum, og tok banen ned til byen for å møta Sunniva sånn etterkvart. Eg sette meg på ein benk på Karl Johan og høyrde på dei halve setningane til folk som gjekk forbi. Det var fint å sitja der med ei notisbok og ein penn omgitt av sommar. Her er eit lite utdrag frå notisboka:imageEin litt sliten klovn med tre oppblesne ballongar snakkar i mobilen sin som er festa i klovnedrakta med ei snor.

Beautiful day, seier nokon bak meg på engelsk, og det er akkurat det det er der eg sit med sola i ryggen i ein kakafoni av menneskestemmer og ulike språk blanda med lyden frå måkar, trillekoffertar og måkeskrik medan klokkespelet på rådhuset varslar kvart på tolv.

«Jeg skal lese, det går bra det,» seier mannen med tversoversløyfa til han med slipset, og mor med tiårsgammal son syklar forbi, begge med sykkelhjelmar, medan ein vinterbleik og tatovert mann fotograferer med mobilen sin.

Eg sit her og ventar på barnet mitt, ho som eg elskar, som skal dukka opp her, snart eller om ein halvtime. «Skal mamma bære?» Ei mor med omsorgsfull sommarstemme løftar opp ein toåring med rosa solhatt som blir handlingslamma i eit trassanfall. » Det verste e åt e blir vant med det, men e har ikkje noke i mot det heller», seier forbipasserande dame til venninne medan tysktalande guide med drpeforma eittal på seier noko om ei dronning som eg ikkje heilt får tak på.

Og sidan er sundagen byvandring med Sunniva, utelunsj med Sunniva og Vilde og oss tre på rumpa i graset i ein park med iskaffi og ein hærskare andre ungdomar som sikkert vurderer alle saman om dei snart må heim og lesa til eksamen nå eller om ein halvtime.

Tilbake på Haslum ventar Eva Mari med sprøsteikt and, me strikker i sola og går tur på kyrkjegarden, og alt er såre vel.

image

 

Heidi

Så godt som sommar

image

Då me kom hit for to dagar sidan var det full vår,image

og nå, to dagar seinare er det nesten full sommar.

image

I dag åt me lunsj med «barna» nede i byen før Leif sette seg på toget heim. Eg og Sunniva tok turen ned på Aker brygge i det fine vêret for å gå på Astrup-Fearnly – museet.

Til slutt gjekk me på kino og såg det me var einige om måtte vera den mest franske filmen me nokon gong hadde sett: I skyggen av kvinner- ein film om kjærleik og utruskap i svart- kvitt. Det var ein veldig vakker film. Det var så fint ver at eg vart gåande ei stund i sentrum etter at Sunniva hadde reist tilbake for å sjå på gatemusikantar og det andre som skjer i sentrumsgatene ein fin sommar. Nydeleg dag, dette.

Heidif

På Kusama-utstilling – 6. mai

image

Denne utstillinga har eg hatt så veldig lyst til å sjå, og er så glad for at eg rakk det. Denne Kusama er litt av ei dame. Utstillinga appellerte mellom anna til humor og leikelyst.

Heidi

Tull frå tog

Eit eldre ektepar kjem inn og set seg i dobbelsetet bak oss. Dei riggar seg til med bagasjen sin. » Går det bra?»spør konduktøren som kjem forbi. «Jada, men det hadde gått betraktelig bedre for tyve år siden», svarer mannen. » Ja, for tyve år sia hadde det vel gått bedre med både det eine og det andre,» svarer konduktøren jovialt…

Ei lukt av kaffi frå ein open termos sprer seg i togvogna. » Det e kanskje litt tidli å begynne på kaffen,» seier ein mann. » Nei, då det er heilt rett tid for kaffi,» seier eg med mitt mest sjarmerande smil og går bort til han. » Eg tek gjerne ein kopp eg og dersom du har full termos og noko å drikka av!»

Det siste er sjølvsagt ikkje sant. Siste del av den sistnevnte episoden foregår bare i fantasien min. Eg elskar å lytta roleg og avslappa til andre sine kvardagssamtalar, og kosar meg med å laga små teaterstykke og romanar i hovudet mitt med utgangspunkt i det som faktisk skjer og det som kanskje kunne ha skjedd…

Eit ungt par som nok opprinneleg kjem frå eit varmare land enn Norge sit framfor meg. Dei har ete nistematen sin, som lukta atskillig betre enn kvitostskivene fleire av dei andre rygg på. Me sit slik til at me deler eit vindauge, det vil seia dei har mesteparten av det og eg den siste fjerdeparten. Plutseleg dreg han rullegardinen nesten ned for å verna seg og kjærasten mot sjenerende sol. Eg sat og nytte utsikten og lurde på om eg skulle gå i forhandlingar om å dra det halvvegs opp igjen. Så besinna eg meg… Det er nok krigar i verda om eg ikkje skal gje meg inn i krangler om eit rullegardin på eit tog…

Som om han kunne lesa kva eg skreiv, strekkjer han akkurat nå ut armen og dreg gardinet nesten opp att. Ein liten gut fortel noko til mor si. «Æ dette ei røverhistorie?» spør ho. » ja, så klart dæ æ dæ!»seier, æhhhh, tenkjer eg, – meiner eg.

 

Med NSB inn i forsommaren

imageEg prøver meg med ein togtekst, sjølv om dekninga er veldig dårleg. Me kjører akkurat nå ut frå Nelaug stasjon. Eg prøvde å ta bilete der i frå og leggja ut, men dekninga var for dårleg til at det lot seg gjera.

Veret er nydeleg ute med maiblå himmel, sol og små kvite, tjukke bølgete skyer, slike som det alltid eter på barneteikningar. Bjørkene står grøne med kvite stammar. Akkurat den grønnfargen som er på nyutsprungne bjørkeblad er noko av det finaste eg veit. Eg kjenner på den litt overveldande kjensla av at nå vaknar alt til liv, den kjensla forbind eg med syttande mai. Eg trur den viktigste grunnen til at syttande mai- tradisjonane held seg så godt i Norge er at me treng denne hårfestet i raudt, blått, kvitt etter ein lang og forblåst vinter. Det kan godt vera at den offisielle norske vinteren er kvit, på Jæren er han bleikt halmgul og blå. Alle treng me den intense grøne vårfargen nå. Me treng sola i ansiktet og varme på ryggen.

Nå kjører me inn på Vegårdsghei stasjon. Eg prøver å lagra det eg har skrive til nå, og får to beskjedar. Det er ikkje nett til å publisera og lagring av tekst let seg ikkje gjera. Då er det bare å fortsetja med å skriva og håpa på betre tider. Slik er det å skriva Internett- tekstar på sørlandsbanen. Det kan gå bra, eller ein kan mista alt saman. Sånn sett minner det kanskje ganske mykje om det å leva…

Og jammen, der fekk eg til å publisera… Kanskje eg øydelegg alt med å prøva å skriva meir, men nå er me så godt i gang at eg bare får ta sjansen. Det er ei fredeleg forsamling som tek toget på føremiddagen på Kristi himmelfarsdag. Nokre snakkar lågmælt saman, andre søv eller raslar med aviser. Det er fantastisk fint å bare sitja her og la seg frakta over heia. Nå er me litt oppe i høgda, akkurat her er det mest grantre å sjå og Bjørkeneset står helst kvitstamma og nakne og er minst ei veke bak dei me såg i Kristiansand. Kjem den varmen dei har lova oss så er det nok merkbart grønare når eg reiser tilbake på måndag. Og jammen trur eg ikkje me reiste forbi ein bakke med kvitveis nettopp. Det er dei første eg har sett i år.

Heidi

 

Første onsdagen i mai

26774283236_56aa5eb588_o

Det blir merkbart grønare ute. Nå står både bjørker og andre tre med små vårgrøne blad strødd over armane sine. På skulen avslutta me leseveka vår. Det har vore eit veldig vellukka arrangement. I dag har eg fortald om livet til Astrid Lindgren og lese frå Emil i Lønneberget for seks av klassane på skulen. Det er ei magisk oppleving å sjå i kor stor grad barn let seg fenga av muntleg forteljing. Ein skulle nesten ikkje tru det i den multimediaverda dei veks opp i, men det er kanskje det som gjer det eksotisk å lytta til ein levande menneskestemme i enkle kulisser som eit trøorgel, ei stormlykt og tende stearinlys. Eg får vel innrømma at denne gongen juksa eg med litt biletstøtte og. Eg hadde lagt mange Astrid Lingrenbilete, mellom anna nokre av desse utruleg vakre akvarellane til Lisa Aisato.

 

Etter rydding og planlegging og møter var det på tide å bera akvariet med rumpetrolla inn i eit klasserom der dei får dagslys nok til at eg håpar dei kan overleva ei langhelg. Så sykla eg heim for å rydda og pakka, for i morgon tidleg set me oss på toget retning Oslo der me gler oss til å tilbringa helga med Eva Mari og Henrik, og ikkje minst til å møta Halvard og Sunniva.  I kveld har eg og Anne Mette gått ein lang tur i Sandtangen der eg observerte både blømande gauksyre, svaner som flaug forbi med hese skrik og utstrekte halsar, ein stor flokk store gjess på eit jorde, og ein stor flokk kråker på eit anna.  Fuglelyder har eg som mål å bli betre på. Det var mange stemmar, men det er ikkje så mange eg klarer å skilja i frå kvarandre. På veg heim plukka me med oss Gry, som me møtte i ein sving og tok henne med oss til kveldste, ost, kjeks og friske bær, Nå var dei eigentleg på tide å leggja seg ja. Eg høyrer rykte om at varmen kjem til helga. Det blir i så tilfelle heilt fantastisk.

 

Heidi