Gå til innhald

Bortom tid och rum och tanke

image

I dag leitte eg gjennom nokre gamle papir då eg fann eit brev frå Norges kristne råd der dei bad om lov til å bruka ein svensk versjon av salmen min «Bortom tid og rom og tanke». Teksten var omsett til svensk av den finske metodiskpastoren Hans Växby. Eg svarte ja og gløymde i grunnen det heile. I dag var det kjekt å finna teksten att. Eg fekk lyst til å skriva han inn her, så veit eg kor eg har han.

Bortom tid och rum och tanke
Finns en plats så annorlunda
Fins en plats där alt är heligt
Finns en plats där Kristus är
I min trötta, rädda tanke
I min dröm, min längtan, styrka
Mitt i livet som jag lever
Det är gott att den finns där.

Genom andningshol i dagen
får jag rikta mina tankar
Ta ett litet steg åt sidan
Söka Herren, Han som är
Genom tysta, sorgsna suckar
Genom högljutt brus och jubel
Lägga fram för Herren Kristus
Hela livet som jag bär.

När jag andas, när jag tänker
När jag skrattar, när jag sörjer
Finns det andningshål i dagen
Får jag stå på helig mark
När jag lever mitt i livet
Mitt i världen, mitt i dagen
Bär jag med mig Kristi kärlek
Mitt i svaghet är jag stärk.

Jesus var i mina dagar
I det liv som kommer mot mig
Vad ännu som än må hända
Var mig nära genom allt
Låt mig leva starkt och naket
Våga se och våga höra
Våga leva mitt i livet
Våga vara ljus och salt.

Heidi

 

 

 

How

how presse shdirdal001

Dagens høgdepunkt var eit besøk på teateret saman med gode venner, der me såg «Teaterkonsert How». Biletet over er henta frå nettet.

Det me såg var eksperimentelt musikkteater, med eigenarta og lettare forskrudde handlingslinjer. Som Nikolaj Cederholm (konsept og instruksjon) skriv i føreordet på programmet: «Vi har satset udfra devisen om at det er bedre at løbe linen ud end slet ikke at løbe.»

Det skal seiast i utgangspunktet at eg alltid har hatt sansen for det litt sære, ta det med i betraktningen når eg seier at stykket var ei stor oppleving. Det var så musikalsk og dyktig laga over ein til dels heilt utelatt raud tråd.  Eg vart spesielt imponert over Mareike Wang, For ei utstråling på den dama. Stykket bestod av tre akter som stod nokså fritt kvar for seg. Andreakta skulle vera ein slags dokumentarisk bearbeiding av eit trekantforhold der Espen Hana vart sviken av Mareike Wang etter åtte års samliv og to barn, det ende med at ho forlot han til fordel for ein kollega av dei begge, Svein Solenes. Dei skulle alle tre spela seg sjølv ,og gjengestalta dramaet på scenen, via heftig song, musikk og drama. Det var så overbevisande gjort at eg faktisk oppriktig trudde på historien ganske lenge. Eg må innrømma at eg til og med har googla for å finna ut om historien var sann eller ikkje. Alt tyder på at det bare var ei overbevisande godt framførd røvarhistorie.

Resten av dagen har eg brukt på å jobba med boka til Skapande skriving.  Eg ser at det nok kjem til å ta mesteparten av morgondagen og… Men det er skapande arbeid som eg kosar meg med.

I kveld var det plutseleg ei mildare luft over byen att og det lukta hegg og honning frå trea langs vegen medan me vandre i fylgje gjennom mainatta og snakka om kor lyst det har blitt om nettene nå.

Og det er vel best å ta kveld så eg kan orka å ta tidleg morgon…

Heidi

 

Etter ein fin kveld

image

Etter ein fin kveld med gode venninner skal eg med det aller første gå inn for helgelanding. Arbeidsveka har vore kort, men intens med kveldsundervisning, møter, skriving og seine kveldar. I dag skulle eg ha venninnebesøk og fekk det ganske travelt. Eg må innrømma at eg falt litt i stavar over rumpetrollakvariet då eg skulle gå, for i dag morges såg me at det første av dei hadde begynt å få bakbein. Då eg skulle lukka for helga såg eg nøyare på dei og oppdaga at mange av dei hadde bittesmå sytrådaktige froskebein som foreløping bare hang der. Det er tydelegvis eit ledd i utviklinga at dei heng der litt før dei oppdagar at froskebein er fine til å trø vatnet med. Det er som når menneske utviklar seg. Ting tek tid…

Det er mogleg at andre som skal ha litteraturgruppe og denslags veit på førehand kva mat dei skal handla inn og tilbereda, og at dei har rydda og gjort litt klar på førehand. Slik var det ikkje med meg i dag. Vegen vart til mens eg gjekk. Eg hadde ikkje teke sykkel i dag og vart for sein til skyssen heim, så det vart heimtur med fire tunge bærenett med mat som skulle berast heim. Vel heime oppdaga eg at eg ikkje hadde fått med meg heim handveska med alle viktige kort. Eg måtte derfor kasta meg på sykkelen, ta same vegen tilbake og ta ein runde i butikkar der ingen hadde finne handveska. Eg tråkka tilbake og tenkte at nå var eg i ferd med å få alvorleg dårleg tid. Inntil vidare stolte eg på at nokon hadde funne veska, såg at det var mitt sertifikat og bankkort oppi, og straks ringde meg for å fortelja om funnet. Det er nemleg den sedvanlege saksgangen ved misting av handveske for mitt vedkomande. Det var bare det at mobilen, som heldigvis ikkje låg på sin faste plass i handveska då eg mista ho, var heilt utlada… Eg rekna likevel med at det ville ordna seg, og tenkte at eg fekk bare koma i gang og laga mat.

Til mi glede og overrasking oppdaga eg veska hadde ligge i heimen under leitetoktet mitt. Ho låg under golfjakken som eg i det eg sprang ut av døra for å leita bestemte meg for at eg ikkje trong under kåpa… Det slo meg akkurat nå at golfjakke er eit gammalmodig ord, ikkje spelar eg golf ein gong… Døtrene mine ville kalt det for ein cardigan, men det er ikkje ein del av mitt vokabular, og kanskje ikkje heilt det same heller, når eg tenkjer meg om…

Og visst kom eg i mål,- på mitt vis. Då gjestene kom stod eg klar med pasta med fesrke reker heimelaga chili- og persillesaus, grøn salat og godt brød frå Kjøkkenet. Eg hadde til og med rukke ei rask overflaterydding, ein lyrask runde med moppen og å få smøya ein knallgul kjole over hovudet før det ringte på døra, og i steikeomnen stod det smuldrepai med rabarbra og epler. Det er utruleg kva ein når når tidspresset er til stades. Me har hatt ein koseleg kveld og stova og kjøkkenet er rydda. Dette ser nesten ut som ein skrytetekst, men dei som kjenner meg og huset vårt vil truleg få eit meir realistisk bilete av tingenes tilstand.

Og korfor eg sit her og skriv springande blogginnlegg sjølv om eg er stuptrøytt? Det er fordi eg har fått den tåpelege ideen at det skal bloggast kvar dag i mai, og sidan eg har klart det fram til nå, så kan eg ikkje la statistikken bli øydelagd av å vera litt trøytt… Merkjet det stend om mannen han stupe…
Randi Engelsvold hadde lagt ut på bloggen sin ein av songane me samarbeidde om i fjor. Eg trur eg legg han ut her og. Denne teksten skreiv eg for sikkert tjue år sidan, og det er ein tekst eg framleis liker. Eg er så glad for at Randi har gitt han melodiske venger til å fly med. Som ho skriv på facebooksida si, me som er frå Jæren og veit å finna roa vedhavet…

Heidi

 

Gratulerer med dagen, Sunniva

 

Det må innrømmast at desse bileta ikkje er nye lenger. Det fine er at når eg tenkjer tjue år tilbake så gjer eg det med glede over tankane og takk på tunga. Småbarnsperioden var ei fantastisk fin tid, livet rullar vidare og er framleis veldig fint.

Eg har ikkje fått vera med og feira dagen, sidan Sunniva oppheld seg femti mil unna, men eg har snakka med henne i telefonenen og eg og Leif og Cleopatra har send helsingar.

På eit eller anna plan lengtar eg alltid litt etter barna mine når dei er meir enn hundre meter unna, og derfor prøver eg å disiplinera meg til å ikkje vera ei klengete mor. Far seier at foreldre alltid vil vera meir knytta til vaksne barn enn barna er til dei. Det er sant, trur eg.

Då eg tok engelsk på vidaregåande las me ei novelle som heitte » Go lovely rose» om ein far som nesten engsta livet av seg når den nesten vaksne dottera var på sin første date. Selma Lagerløf skriv og aldeles nydeleg om denne problemstillinga i » Keisaren af Portugalien» om Jan som var så over alle grenser betatt av si einaste dotter Klara Fina Gulleborg. Det er godt eg har fire barn og ikkje eitt, då hadde det sikkert vore endå meir utfordrande å sleppa taket.

Dei fleste av oss innser med vitet at det Kahlil Gibran skriv i profeten » Dine barn er ikke dine barn, de er livets sønner og døtre, født med egne lengsler», er sant… Og heldigvis har dei fleste av oss eigne vegar å gå med nye menneske å møta og mange barn å gje omsorg til.

Gratulerer med dagen Sunniva. Måtte gode dører opne seg og gode ting skje. Måtte dagane og timane vere deg vennlege.

Heidi

18.mai

27073953985_b5195eda41_o

I dag byr eg på eit fredfullt bilete. Det skjer så mykje akkurat nå, så eg må minna meg sjølv og andre om å pusta roleg og la tida koma. Denne sauen med lam går forhåpentlegvis ein lang og grøn og fri sommar i møte, og heldigvis så har ikkje dyr nokon som helst tankar om verken fårikål eller frikase…
I dag for 23 år sidan skulle eg eigentleg født ei dotter med planlagd keisarsnitt, men eg fekk utsett operasjonen ein dag fordi eg hadde tankar om at 18. mai alltid ville vera dagen etter dagen, og kanskje leggja ein dempar på feiringa. Kor vidt eg hadde rett, og kor vidt Sunniva er meg takknemleg veit eg i grunnen ikkje, men i morgon fyller den fine jenta mi altså år, og dette året brukte ho 18.mai til å ha munnleg eksamen i pedagogikk, så i år passa det sikkert godt. Dersom ho skulle finna på å lesa her, så sender eg varme gratulasjonar.

Sjølv har eg markert dagen etter dagen med å ha utviklingssamtalar etter skuletid. Det er i grunnen veldig fint å ha ein halvtime til å samtala med elevar og foreldre og kunna konsentrera seg heilt og fullt om det barnet. Det med å få til eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein veldig fin del av det å vera lærar.  Av og til stansar eg opp og ser på elevane og tenkjer, desse barna er det mest dyrebare foreldra har. Dette er barndomen deira, og det er oss vaksne i skulen betrudd å halda deler av deira barndom i hendene våre. Ein kunne fått prestasjonsangst av mindre , men mest av alt fyller det meg med ein slags ærefrykt for det me står midt oppi.

Kolbein Falkeid uttrykkjer dette så fint når han skriv dette diktet, til dotter si, Unn som skal begynna på skulen. Sjølv om dette er skrive frå foreldreperspektiv, så kjenner eg tankane veldig att frå lærarståstad og.

God tur, skolepike

God tur, skolepike.
Med den røde ranselen som en soloppgang på ryggen,
og flettene lik gardiner trukket til siden
for nakken din, denne hvite nonnen
jeg alltid har lyst til å si omforlatelse til,
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.
Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodete
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet;
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut til livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig.
Så god tur med deg, skolepike.
Kolbein Falkeid

26798740460_2d064a119d_o

Dersom me kan klara det, så trur eg at noko av det viktigaste me kan gje barna på skulen er ro, tid og humor. Med tusen ballar i lufta, så er eg kanskje ikkje den rette til å seia det, men dersom me hugsar å pusta roleg ut og inn, så er det nesten alltid tid til ro midt i eit liv som rullar og går. Nå bør mitt liv gå i retning senga…

Heidi

 

 

17.mai

image

Det har vore ein fin syttande mai. Eg starta dagen med å sjå barnetoget i lag med denne fine bunadskledde gjengen frå jobb. Oisan, der hadde viss Dagny auga lukka. I det heile tatt lite blikkontakt å få med desse blide damene.

image

Så me får hiva på eit til, sjølv om ikkje Kari hadde dukka opp då dette vart teke. Ingenting er som eit barnetog, og i år regna det ikkje ein gong. Sidan det er blitt oppfordra om å ikkje leggja ut syttande mai- bilete av barn utan å få foreldra si godkjenning, så får denne gjengen få representera alle dei fine ungane eg har sett i dag…

Etter barnetoget far det først brunsj hos syster May Brit og etterpå kaffi og kaker ute i sola hos broder Jan, så det vart ein skikkeleg familiedag sjølv om alle dei eg er mor til hadde anna program enn å vera i lag med oss. Odd Christian kom innom i kveldinga, det var kjempekoseleg. Ein liten fotosafari vart det og tid til, og her kjem mine litt uortodokse bilete frå nasjonaldagen:

image

Dei første løvetennene er alt på veg inn i sistefasen. Dei er då veldig fine då og, med nesten sirkelforma bomsterkroner klare til å sleppa sine kvite stjerner ut til nytt liv.

imagePå Træe er det og fint om sommaren. Det minner oss om kor enkelt mange levde i denne delen av landet for ikkje så altfor lenge sidan. Træe var forresten ein husmannsplass og akkurat det er litt utypisk for Jæren, dei fleste her hadde eiga jord sjølv om det var enkelt og fattigsleg.

imageLam er noko av det finaste eg veit. Det er eit sprettande teikn på vår og ventande sommar.

image
Med litt trøytte bein gjekk me inn for landing på kvar vår sofa framfor storskjermen på loftet. Leif har funne ein fantastisk dansk serie – 1864, som ligg på netflix. Temaet er krigen mot Prøyssen der Danmark for godt tapte Schlesvig- Holstein. Eg anbefalar denne til alle som er glade i god film. Eg har faktisk nesten ikkje vore i dette romet etter jul, og oppdaga til mi forferding at den fine broderte juleduken etter svigermor låg på bordet framleis… Nå er han pakka ned, men det gjekk bokstaveleg talt både vinter og vår før han vart oppdaga… Dette til trøyst for andre husmødre og husfedre som ikkje sitt heilt støtt i perfeksjonssalen… På biletet observerer eg at det jammen heng eit julehjarte i taket og… Det er godt å ha noko å utretta sånn etterkvart…

Heidi

 

Snart 17.mai

image

Om mindre enn ein time er det 17.mai, og eg må bare innrømma at så lite 17.mai-førebuingar som det eg har prestert i år kan eg ikkje hugsa å ha vore med på nokon gong. Det var nokså annleis då fire ungar skulle pyntast til å gå i tog og me sjølv skulle levera smørbrødfat og kaker både her og der og var i styret for skulekorps og var foreldrekontaktar, og skulle ha heile storfamilien på feiring i stova. På den tida dreiv framleis russen og vekte lærarane sine natt til den store dagen, og ungar som blir vekte midt på natta har ikkje veldig lett for å sovna att når dei veit kva for ein dag dei snart skal vakna til…

Nå er me i ein heilt annan livsfase, både heldigvis og dessverre, for visst var det kjekt. Me kunne ha invitert masse folk og pynta fint i heimen, men akkurat i år vart det litt på sparebluss.

Leif har masse rettearbeid, og eg hadde boka frå skapande skriving som eg gjerne ville bli ferdig med. Eg og Cleopatra har jobba nesten heile dagen. Ho er forsøkt jaga vekk, men ein dag på tastaturet er bortimot det beste ho veit og gir seg ikkje så lett. Med jamne mellomrom må eg radera vekk kryptiske ord og lange rekkjer med bokstavar som ho plutseleg har skrive på mine vegne. Eg held moglegheiten open for at ho plutseleg ein dag skal ha skrive noko klokt og skjelsetjande, eg trur då på under… Det dyret er eit godt eksempel på oppdraging med masse kjærleik, men med manglande grensesetjing. Eg får skulda på at eg må vera grensesetjande i så mange andre rom i livet…

image

Om nokon skulle tolka innlegget dit hen at dette året skal eg ikkje feira 17.mai, så er det heilt feil. Eg har eit mjukt hjarte for barnetog, musikkorps, bjørketre, norske flagg og høgstemt mannskorsong i radioen. Stol på at eg skal få min porsjon med nasjonalisme i morgon. Eg har til og med bakt ei rabarbrakake som eg akkurat tok ut av ovnen og har sveipa over kjøkengolvet med ein våtmopp med hurtigklut som luktar grønsåpe. Eg har ein mistanke om at kaka ikkje er heilt som ho var tenkt å vera, men med krem på toppen kan det koma til å bli bra likevel.

Sidan det nå er mindre enn ein halvtime att til klokka på datamaskin og mobil viser at det er blitt den 17., så kostar eg på meg eit vers av den songen eg gjerne ville hatt som nasjonalsong:

Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vetter for vårsol røma,
lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma.

image

image

Og idet eg skreiv meg ferdig vart eg innhenta av litt sentimentalitet, så eg måtte finna fram to gamle bilete…

God 17.mai. Akkurat nå kryssar klokka datogrensa 🙂

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

´

Pinsedag

image

For meg er pinsen og ei religiøs høgtid. Her hos oss fell denne saman med at våren er her for fullt, ho treff oss ein stad i skjeringspunktet mellom vår og sommar, og det gjer tankane om at alle ting skal bli nye endå sterkare.

I dag skulle eg ha sundagsskule saman med Ruth, eg hadde og ansvar for at kyrkjeløva vår dukka opp, og at ho hadde noko å formidla til dei av oss som var der. Det viste seg at kyrkja var nesten tom for barn, dei fleste var kanskje bortreiste, men heldigvis var det to små feriegjester der som gjorde at me fekk ei fin stund saman med opning av skattekiste, dokketeater, song, teiknehistorie og laging av kvite duer.

Etterpå skunda eg meg ut av bilen for å koma nokonlunde på tida til dagens neste oppdrag, å selgja lodd for vennelaget på Hå gamle prestegard. På turen ned tenkte eg at nå er alt så vakkert  ute at ein kunne ha lyst til å setja seg ned og gråta. Bjørkene og graset lyser grønt, kirsebærtrea blømer i kvitt og rosa, løvetennene lyser gult og rampete frå alle grøfter, lamma er ute på markene og havet blenkjer i sola.

Då eg kom ned, såg det slik ut som dette, det som ikkje framgår av biletet, er at det var bitande kaldt i nordavinden. Utan nordavinden og regnet måtte me då kvalifisera til å vera det fremste turistmålet her i landet. Eg lurer på om nordmenn flest veit kor blendande vakkert det er på Jæren i mai.

image

Eg fekk meg eit loddsalsbord i inngangsromet, og utsikta var det lite å seia på. Akkurat som eg hadde sett for meg, så var dei fire-fem timane med loddsal avslappande, rolege og fine. Det var forholdsvis lite folk der, kanskje på grunn av den kalde vinden, men dei som dukka opp var blide og vennlege. Snille Bjørnar som sat og selde inngangsbilletter kom fleire gonger for å fylla opp kaffikoppen min, og når det var tomt for folk fekk eg sjansen til å prata med han.

Eg sat der og såg ut på sjøen, prata med potensielle loddkunder, selde litt lodd innimellom, las litt i ei bok eg hadde med, og skreiv side opp og side ned i notatboka mi. Det var ein fin plass å sitja og skriva. Eg kjende mens eg sat der at eg måtte ut og vera litt i vinden og veret før eg kjørde heim.

image

Strandnellikane hadde begynt å bløma, og fargen på dei stod perfekt til dei gule løvetennene og det intenst grøne, nye graset.

 

image

Det gynga godt over hengebrua i dag, og eg fekk ikkje til å fotografera verda i rett vinkel. Siden eg ikkje er heilt rettvinkla alltid sjølv heller, så får biletet vera med likevel.

image

Eg hadde tenkt å ta mange fine bilete, men på dette punktet svikta mobilbatteriet og skjermen gjekk i svart. Resten får eg fotografera ein annan gong. Det er ein fin avslutning på ein sundag at vaksne barn kjem heim på nysteikte vafler. Nå etterpå har eg fått tid til å skriva litt. Nå har eg frykteleg lyst til å laga ein collage. Kanskje eg kan unna meg såpass sidan det er fri i morgon. Fortsatt god pinse!

Heidi

 

Tusen bitar

image

 

I dag måtte eg bare ut og inspisera Midgarsormen, gangbrua mellom Njåskogen og sykkelstien på den andre sida av Frøylandsvatnet. Brua var blitt skikkeleg fin, og er akkurat brei nok til at to syklar kan passera einannan dersom begge viser hensyn og tek det litt med ro. Sola skein i dag og, men vinden var iskald og sommaren har teke ein pause. Eg sakna vottar på fingrane som nesten fekk «naglabed» på sykkelstyret.

Eg har brukt mesteparten av dagen til å jobba med boka eg skal gje ut i lag med jentene på skapande skriving. Det er spennande arbeid, men det tek lang tid å koma i mål. Eg plukkar ord og setningar frå tekstane deira som me kanskje kan bruka til tittel på boka. I timane våre på torsdag skal me fotografera bileta me skal bruka i boka, bli einige om tittel, og laga små presentasjonar av kvar av dei ti forfattarane. Her er nokre aktuelle titlar. Kva kling best, mon tru?

Eventyrmetoden
Tusen bitar
Eigentleg som ein kameleon
Det beste som kan henda
Så glad at eg ikkje trur det er mogleg
Dette presset med å vera best
Faktisk ikkje slik
Terningkast
Sjølopptatt
Så flink i snøballkrig
Draumar i ei sommareng
Det mørke holet du faller ned i
Men likevel så langt borte
Det ingen veit
Så glad at orda stoppar

I morgon har eg to oppdrag. Først er det sundagsskule i kyrkja, og så skal eg til Hå gamle prestegård for å selgja lodd før me får besøk om kvelden. Det kan koma til å bli ein fin dag.

Heidi

Nytt syn på verda

image

Nå har eg sett lyset … I dag fekk eg melding om at eg kunne henta dei nye brillene mine…
Den forrige brilleinfatninga brekte under eit uhell på jobb, og eg måtte få sett dei gamle glasa inn i nye rammer. Sidan eg er totalt avhengig av briller, og ikkje høyrer til den kloke, planeggjande sorten som sjølvsagt har reservebriller heime, så måtte eg finna ein infatning som passa sånn nokonlunde slik at eg kunne sjå inntil vidare… Først då gjekk det for alvor opp for meg kor skoddete og skrapete dei gamle brillene var… Det siste halve året har eg hatt eit skoddebelegg på dei eg ikkje har fått vekk. Optikaren kunne fortelja meg at det kom av at overflatebelegget som skulle vera der var heilt øydelagd… Inntil vidare fekk eg leva med skoddesyn, men eg innsåg at noko måtte gjerast.

Å finna ny innfatning er vanskeleg, spesielt når eg i grunnen ikkje ser den personen i speilet med tome briller på nasen. Etter litt gode råd ende eg opp med briller som faktisk er av lett tre med veldig lette lilla metallstenger på sidene. Dei er utruleg lette, og eg håpar dei snakkar sant når dei har lova meg at dei skal tola like mykje som vanlege briller…

Klok av skade har eg fått sett nye glas inn i den innfatninga eg fekk då brillene brakk, så nå har eg plutseleg to par, i alle fall kjem eg til å ha det når dei nye glasa er på plass.

Viktigare enn korleis eg faktisk ser ut er at eg faktisk ser ut gjennom dei, og at eg liker det eg ser. Er det slik det er å sjå skikkeleg? Alle ting er blitt nye… Eg blir ikkje ferdig med å sjå. Eg takkar Gud og alle gode makter for optikarkunsten som bergar meg frå det som nesten hadde blitt eit moldvarpliv…

Gamle briller øverst til venstre, reservebriller med prikkete bakgrunn og dei nye til høgre. Sidan eg har eksepsjonelt snille og velvillige lesarar på bloggen, så vil sikkert nokon seia at eg passar alle tre para veldig godt…

Elles så har me teke steget inn i ei ny langhelg, og sommaren har vore på besøk og teke eit steg til sides for å gje plass til vår gamle venn nordavinden. Eg har mykje eg skal gjera og må få gjort i helga, og det blir sikkert fint alt saman.

I dag skunda eg meg ned til kjøpesenteret, nå med post i butikk, for å få send i veg ein pakke til minstejenta som fyller år den 19. Eg trudde eg for ein gongs skuld var ute i god tid, men då eg stod i kø på obs for å betala sjokoladekakemiks som eg ville putta oppi kassen, så forstod eg at min vane tru så småsprang eg i mitt ikkje alt for raske naturlege tempo minst ei langside bak dei fleste andre. Folk stor der med små fjell i handlevognene sine og skulle handla til pinse og 17.mai… Så langt har eg ikkje kome i tankane ein gong. Ei dame bak meg i køen fortalde at nå hang bunadsskjortene ferdig strokne på hengarane, og den kvite duken låg klar på langbordet. Ho andre skulle henta blomar ho hadde bestilt i blomsterbutikken. Eg har kome så langt som til å tenkja tanken å kanskje få noko til å ha i bedet og ei og anna krukke til 17.mai, men kanskje eg skulle ha tenkt på det for lenge sidan.

Då eg endeleg kom til posten, tenkte eg at eg i det minste er tidleg ute med å få send pakken til Sunniva. Optimistisk skreiv eg med svart tusj utanpå: Opnast 19. mai…

Den smilande dama i postavdelinga sa: «Ja, då blir denne send på onsdag?» – «På onsdag?» sa eg lett forferda. «Ja, det er jo 17.mai på tysdag,» svarte ho. Det visste eg, men eg var då sikker på at det gjekk post i kveld, og i morgon, det er då postavgang på laurdagar her i landet? Tydelegvis så gjekk det ikkje post på pinseaften… «Men pakken kjem vel fram på torsdag?» spurde eg. «Reknar me ikkje eit døgns postgang innanlands?» Eg fekk til svar at då skulle eg vera veldig heldig. Eg sende pakken på dyraste måten i håp om å få han fram. og er optimist. Eg har til vane å tru på under…

Kanskje eg må sjekka at matbutikkane har vanleg opningstid i morgon… Viss dei og har pinsestengd, så får me finna nokon å gå på besøk til…

God pinsehelg, alle saman!

Heidi